Arbeidarpartiet mista over 5000 medlemmer i 2024
Arbeidarpartiet mista meir enn kvar tiande medlem i 2024. – Det har vore eit krevjande år, seier partisekretær Kjersti Stenseng.
Tal frå Arbeidarpartiet viser at medlemsmassen krympa frå 49.042 betalande medlemmer i 2023 til 43.952 i fjor.
5090 medlemmer forlét dermed partiet i løpet av året.
– 2024 har vore eit krevjande år for Arbeidarpartiet med låge målingar og fleire vanskelege saker både organisatorisk og politisk. Dette blir også spegla i medlemstalet. Ein nedgang på 5000 medlemmer er for dårleg, seier Stenseng til NTB.
Vil snu trenden
På det meste – i 1950 – hadde Arbeidarpartiet over 200.000 medlemmer. Fram til 2000-talet sokk medlemstalet jamt og trutt, før det har stabilisert seg på rundt 50.000 medlemmer dei siste tjue åra, ifølgje partiet sjølv.
– Jobben vår no er å snu trenden og mobilisere fleire veljarar og medlemmer for å sørgje for eit fornya fleirtal på Stortinget etter stortingsvalet i haust. Det er ei stor oppgåve, men det er ei oppgåve vi skal klare å løyse saman, seier Stenseng.
Arbeidarpartiet har førebels berre gått ut med dei nasjonale medlemstala og viser til dei lokale partilaga for fylkestal.
Vekst for SV – fall for Raudt og MDG
NTB har også kontakta dei andre partia og etterspurt medlemstala. Senterpartiet og KrF har opplyst at tala enno ikkje er klare, medan Høgre og Frp ikkje har svart.
Blant resten av partia er det berre SV som kan melde om ein medlemsvekst – rett nok relativt beskjeden.
For dei andre partia er medlemsutviklinga også nokolunde stabil:
- SV hadde 16.240 medlemmer i 2024, ein vekst på 155 frå 2023.
- Raudt hadde 13.131 medlemmer i fjor, eit fall på 353 frå året før.
- MDG hadde 9903 medlemmer, ein nedgang på 662.
- Venstre enda på 7832 medlemmer, fire færre enn året før.