Timothée Chalamet dukka opp med Lime-sykkel på premiere
Skodespelaren rulla ut på den raude lauparen.
Det var mange pent kledde kjendisar som dukka opp på London-premieren til filmen A complete unknown 14. januar, men ingen hadde sprita opp stilen sin som Timothée Chalamet. Skodespelaren dukka opp med ein elektrisk Lime-sykkel, ifølgje Vogue.
Kvifor han gjekk for det, og ikkje ein klassisk limousine, klarte ikkje magasinet å finne ut av. Kanskje det var eit moteval, eller kanskje han var seint ute og det var det mest praktiske valet i trafikkorken i storbyen? Chalamet fanga i alle fall blikket til dei fleste som var til stade.
Chalamet spelar hovudrolla i den biografiske filmen om musikaren Bob Dylan. Dylan sjølv føretrekte forresten motorsykkel i sin ungdom.
- Framtida.no sine filmmeldarar gler seg til å sjå A complete unknown. Sjå kva andre filmar dei ser fram til i 2025.