2024 er over, og kvardagen kjem straks. Likevel er det mykje å gle seg til i året som kjem, inkludert desse filmane som meldarane til Framtida vil trekke fram.

Rakeb Berhanu Erana, Ola Birgitsønn Vik, Jenny Lund
Publisert

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

Wallace & Gromit: Vengeance Most Fowl

2025 ser ut til å fortsette som åra før; dei fleste filmane er anten oppfølgjarar, nyinnspelingar av gamle filmar eller basert på kjente bøker eller liknande. Det er altså vanskeleg å finne noko nytt på kino.

Men vis det er bra, kvifor endre på det? Aardman Animations har alltid vore ein gigant innan stop motion, og etter oppfølgjaren til Flukten fra Hønsegården, har eg verkeleg trua på denne.

I denne filmen har Wallace laga ein smart-gnom, ein liten robot som gjer alt ein kunne ønske seg av husarbeid. Alt er vel og bra heilt til ein gammal fiende ser sitt snitt for å øydelegge for Wallace …

Det er ingen tvil om at nostalgi speler ei stor rolle, pingvinen frå den beste Wallace & Gromit-filmen vender tilbake, men nostalgi er ikkje automatisk ein dårleg ting. Eg gler meg i alle fall veldig!

Regissør: Nick Park & Merlin Crossingham
Sjanger: Animasjon/komedie
Noregspremiere: 3. januar på Netflix

– Ola Birgitsønn Vik


A Complete Unknown

Me har sett tallause biografiske musikkfilmar; om Queen, Bob Marley, Amy Winehouse og mange, mange fleire. Alle følgjer stort sett same struktur og er gode musikkvideoar på det beste og dramatisering av Wikipedia-artiklar på det verste.

Regissør James Mangold har falt i alle disse fellene før med filmen Walk the Line om Johnny Cash, men traileren verka lovande. Timothée Chalamet gjer ikkje ein så overdriven Dylan-parodi som ein kunne frykte. Dei fokuserer på ein liten del av livet hans, overgangen frå akustisk til elektrisk musikk, så det verkar som om dei ikkje gaper over for mykje.

Ei anbefaling mens me ventar på Dylan-filmen er Walk Hard: The Dewey Cox Story, som er ein veldig morosam parodi på slike biopics, og uheldigvis er den like treffande no som for 15 år sidan.

Regissør: James Mangold
Sjanger: Musikkfilm
Noregspremiere: 21. februar 2025

– Ola Birgitsønn Vik


Den stygge stesøsteren

Gjennom tidene har det vore mange tolkingar av eventyret om Askepott, som ofte set stesøstrene hennar til side. Det faktum at dei i brørne Grimm sin versjon høvesvis skjer av seg ei tå og deler av hælen er i alle fall ikkje så populært, men det er nettopp i desse ekle detaljane at regissør og manusforfattar Emilie Blichfeldt har funne inspirasjon til sin første langfilm: Her er det nemleg stesøstera som vert hovudpersonen.

Eg fekk sjå ein såkalla ‘work in progress’ av Den stygge stesøsteren på skrekkfilmfestivalen Ramaskrik 2024, der ein trailer og ei uferdig scene vart vist før ein visning av skrekkbarnefilmen Lille Frøken Norge. I likskap med den spinngalne forteljinga om missekonkurransar for born, som folk tenkte var heilt grei å utsetje unge sjeler for i 2003, ser dette ut til å vere ein mørkt komisk skrekkfabel om kroppspress og den stygge sida av skjønnheit.

Det kan lett bli ekle saker, og jo eklare, jo betre, tenkjer eg.

Den stygge stesøsteren har allereie trekt til seg internasjonal merksemd og invitasjonar til båe Sundance og Berlinalen, som jo er ekstra stas for ein debutfilm!

Medan eg skreiv denne artikkelen fant eg også ut at eg jo har snakka med regissøren etter at ho deltok på ein panelsamtale om, passande nok, body horror-klassikaren Crash på Vega scene. Eg håpar eigentleg at ho ikkje hugsar det, fordi eg var passe klein, men litt gøy er det likevel.

Regissør: Emilie Blichfeldt
Sjanger: Skrekk-komedie
Premiere: 7. mars 2025

– Jenny Lund


Black Dog

Lauslaten etter fleire år i fengsel vender den drapsdømte Lang (Eddie Peng) tilbake til heimbyen sin ved utkanten Gobi-ørkenen.

Året er 2008, og Kina gjer seg klar til å arrangere dei olympiske leikane. Før ein slik folkefest må landet naturlegvis gjerast skinande reint. Utan nokon andre stader å vende vert Lang rekruttert til å vere ein del av ein patrulje som skal få kontroll på bestanden ville hundar som vankar i den forfalne byen. Spesielt ein hund, eit tynt, svart beist, skapar problem, men jo meir Lang kjempar for å fange dyret, jo meir forstår han det. Det vert starten på eit uventa band mellom dei to.

Ok, her juksar eg litt: Dette er faktisk ein film eg allereie har sett. Han var min absolutte favoritt blant dei filmane eg fekk sett på Film fra Sør 2024, og ein eg verkeleg håpar vil få merksemda han fortener på kinolerretet. Personleg båe lo og grein eg, og eg hadde utruleg lyst å klappe hunden gjennom heile filmen. Om det ikkje er eit kvalitetsteikn, veit ikkje eg.

Black Dog er den typen drama eg likar best, sorten som held seg på eit jordnært, menneskeleg nivå, men ispedd eit stykke absurditet og stilsikker regi.

Og masse hundar, då.

Regissør: Guan Hu
Sjanger: Drama, thriller
Premiere: 28.03.2025

– Jenny Lund


Ash

Flying Lotus er ikkje berre kjend for elektronisk musikk, hip-hop og jazz, men også som ein kreativ filmskapar. Ash er hans andre spelefilm, og ein kan forventa den same eksentriske og nyskapande tilnærminga til filmen, som har gjort musikken hans så unik.

Hovudrollene i Ash blir spelt av Eiza González og Aaron Paul, to erfarne og flinke skodespelarar med solide røter i sci-fi-sjangeren. I tillegg ser me Iko Uwais, Beulah Koale, Kate Elliot og Flying Lotus sjølv i mindre roller.

Historia følgjer Riya, som reiser til den mystiske planeten Ash saman med mannskapet sitt. Når ho vaknar i romstasjonen, oppdagar ho at heile mannskapet har blitt brutalt drepne. Midt i kaoset blir Brion sendt til planeten for å redda ho. Medan dei to prøver å overleva, oppstår ei rekkje hendingar som set tilliten mellom dei på prøve. Samtidig må dei avdekka kva som eigentleg har skjedd på Ash.

Flying Lotus er kjend for å utfordra grensene både i musikk og visuelle medium. tidlegare prosjekt har vist ein forkjærleik for ekle og forstyrrande bilete, kombinert med ein djupare bodskap. Ash ser ut til å vidareføra denne signaturen, med eit ambisiøst prosjekt som blandar skrekk, sci-fi og tankevekkande tematikk.

Med Flying Lotus sin kunstnarlege visjon og eit stjernespekka skodespelarensemble, kan Ash bli eit av årets mest lovande sci-fi-filmar.

Regissør: Flying Lotus
Sjanger: Sci-fi, triller
Premiere: Sommaren 2025

– Rakeb Berhanu Erana


The Fantastic Four: First Steps

Me veit ikkje så mykje om filmen enda, anna enn skodespelarane og plakaten (ikkje bli lurt av KI-traileren som ligg på YouTube). Men det vesle me veit lovar godt; Fantastic Four har lenge vore personlege favorittar i superhelt-verder, og eg seier aldri nei takk til meir Pedro Pascal.

For meg blir dette siste sjanse eg gjev Marvel. Det er lenge sidan dei har gitt ut noko som har fenga meg, verken serie eller film, men eg tillét meg sjølv å vere ein forsiktig optimist.

Regissør: Matt Shakman
Sjanger: Superhelt/Action
Premiere: Sommaren 2025

– Ola Birgitsønn Vik


Memoir of a Snail

Eg veit eigentleg ikkje så mykje om denne filmen, anna enn at han følgjer livet til ei einsam jente som samlar på sniglar. Interessa min kjem i stor grad frå kor mykje bra eg har høyrt båe om denne filmen og regissøren Adam Elliott sine andre filmar. Han er kjend for å kombinere tragikomedie og biografiske element, medan det heile vert animert i stop-motion med leire.

Eg har enda ikkje fått sett Elliott sin mest kjente film Mary & Max fordi eg har fått inntrykk av at eg må setje av ein heil dag til å grine. Det same er kanskje sant for Memoir of a Snail, men det får eg berre takle. Stop-motion animasjon er ei kunstform eg har enorm respekt for, og eg synest det er fint at også filmar som ikkje nødvendigvis er venda mot eit ungt publikum kan nytte seg av han. Animasjon for vaksne vert ofte redusert til grove humorseriar, og sjølv om eg ikkje har noko i mot desse i seg sjølv, synest eg det er fint å sjå noko anna innimellom.

Memoir of a Snail hadde verdspremieren sin på animasjonsfestivalen i Annecy, der han også vann hovudprisen, og sidan har han sanka ros frå fleire internasjonale filmfestivalar.

Regissør: Adam Elliott
Sjanger: Animasjon
Premiere: Truleg juni 2025

– Jenny Lund


Kraken

Fabeldyret Kraken har lenge vore ein del av popkulturen, kanskje best kjend frå Hollywood-produksjonar som Pirates of the Caribbean. Men Kraken har sine røter i norrøn mytologi, og no er det endeleg klart for ein norsk monsterfilm om denne legendariske skapningen.

Hovudrolla blir spelt av Sara Khorami, kjend frå Hva vil folk si, der ho leverte ei sterk og minneverdig tolking.

Handlinga utspelar seg i den vesle bygda Vangsnes i Sogn og Fjordane, omgitt av djupe, mystiske fjordar, som gjev ei perfekt ramme for ein monsterfilm. Marinebiologen Johanne blir sendt til bygda for å forska på fiskelivet i området. Men forskinga hennar blir brått avbroten av ei rekkje merkelege og skremmande hendingar, inkludert drapa på to ungdommar. Etter kvart som Johanne nøstar i trådane, leiar funna hennar ho mot den mørke fjorden – og ein gamal myte ingen lenger trur på.

Pål Øie er det perfekt som regissør for dette prosjektet. Med si erfaring med å skildra norsk natur i filmar som Villmark og Tunnelen, har han eit skarpt blikk for å bruke landskapet som ein del av forteljinga. Kraken lovar å bli ein film som ikkje berre grip sjåaren med skrekk og spenning, men som også utnyttar norsk natur til fulle.

Regissør: Pål Øie
Sjanger: Skrekk, sci-fi, spenning
Premiere: Hausten 2025

– Rakeb Berhanu Erana


The Bride!

Mens Robert Eggers’ Nosferatu tek popkulturen med storm, har publikum fått fornya interesse for klassiske monsterforteljingar. Dette gjer tidspunktet perfekt for The Bride!, som set fokus på to av dei mest ikoniske figurane i monsterlitteraturen: Frankensteins skapning og bruda hans.

Maggie Gyllenhaal har allereie vist seg for å vera ein regissør som kan utforska komplekse karakterar og bruke dei til å kommentera større samfunnstema.

The Bride! er ei laus filmatisering av Mary Shelley sin roman Frankenstein og hentar også inspirasjon frå klassikaren Bride of Frankenstein (1935).

Vitskapsmannen Frankenstein er einsam og lengtar etter nokon å dela livet sitt med. For å oppfylla ønsket reiser han til Chicago for å be Dr. Euphronius om hjelp. Dei to gjer ei grufull oppdaging i form av ein myrda ung kvinne, og gir dei henne nytt liv. Bruda er ikkje slik Frankenstein forventa, og dette skapar kaos for han og samfunnet rundt.

Frankensteins skapningar har vore symboltunge figurar sidan Shelley skapte dei, og dei er framleis aktuelle. Historia tek opp tema som autonomi, kva det vil seie å vere levande, grensene for kunstig liv, og ikkje minst ansvaret me har for kvarandre. Det er desse tidlause temaa som gjer historia så godt eigna for nytolkingar.

Gyllenhaal sin film legg opp til ei nytolking av historia med eit imponerande skodespelarensemble. Jessie Buckley spelar Frankensteins brud, medan Christian Bale har tek rolla som Frankensteins skapning. Rollebesetninga inkluderer også Penélope Cruz, Peter Sarsgaard, Annette Bening og Jake Gyllenhaal.

Regissør: Maggie Gyllenhaal
Sjanger: Sci-fi, skrekk, musikal
Premiere: haust/vinter 2025

– Rakeb Berhanu Erana