Vekas viktigaste: Brann i Los Angeles og Trump vil ha Grønland
Kollasj av Framtida.no | Foto: AP Photo/Ethan Swope, Adrian Wyld/The Canadian Press via AP og Jigme Dorje/Xinhua via AP
Les deg opp på sakene som har prega nyheitene den siste veka!
Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Trump går etter Grønland
Denne veka vart Trumps valsiger i det amerikanske presidentvalet offisielt godkjent, men mest merksemd har den påtroppande presidenten fått for utspela sine om Grønland.
Donald Trump vil innlemme Grønland, Canada og Panamakanalen i USA.
Grønland er i dag ein del av Danmark, men har sjølvstyre. På ein pressekonferanse tysdag sådde Trump tvil om Danmarks rett til Grønland, og sa at USA treng området for den nasjonale tryggleiken. Han ville ikkje utelukke å bruke militærmakt for å få kontroll på Grønland, skriv NRK.
I tillegg besøkte den komande presidentens son, Donald Trump jr., Grønland denne veka.
Mette Frederiksen, Danmarks statsminister, heldt torsdag kveld krisemøte. Ho seier dei har føreslått eit møte med Trump, og at ho forstår at Grønland ikkje vil vere til sals.
Donald Trump jr. i Nuuk, hovudstaden på Grønland. | Foto: Emil Stach/Ritzau Scanpix via AP
Storbrann i Los Angeles
Over 180 000 menneske har måtta forlate heimane sine på grunn av storbrannar som herjar i Los Angeles-området i California, melder Reuters. Det er dei verste brannane i Los Angeles gjennom tidene, skriv nyheitsbyrået.
Minst ti personar er døde.
Lite regn dei siste månadane, kombinert med sterk vind, gjer at brannane har fått spreie seg.
Brannvesenet i Los Angeles har hatt store utfordringar med vassforsyninga under arbeidet med å sløkkje brannen i nabolaget Pacific Palisades, som er den største brannen i området, skriv VG.
Brannen herjar i eit nabolag i Pacific Palisades i sterk vind tysdag 7. januar. | Foto: AP Photo/Ethan Swope
Trudeau trekker seg som statsminister i Canada
På ein pressekonferanse måndag ettermiddag fortalde den kanadiske statsministeren gjennom ti år at han trekker seg. Justin Trudeau (53) har leia Det liberale partiet sidan 2013. Han seier han vil halde fram i rolla til partiet har valt ny leiar.
Dei siste månadane har populariteten hans dala, og regjeringa har så vidt overlevd fleire mistillitsforslag. I tillegg har det vore intern usemje i partiet. I desember gjekk finansminister Chrystia Freeland av etter usemje om korleis dei skulle svare på Donald Trumps trugslar om 25 prosent toll på kanadiske varer.
Nasjonalforsamlinga blir no oppløyst fram til 24. mars. Etter planen skal det vere val i Canada i oktober.
Canadas statsminister Justin Trudeau på pressekonferansen i Ottawa måndag 6. januar, der han fortalde at han trekker seg. | Foto: Adrian Wyld/The Canadian Press via AP
126 døde i jordskjelv i Tibet
Eit jordskjelv råka tysdag morgon Tibet. Skjelvet hadde ifølgje Det amerikanske jordskjelvsenteret U.S. Geological Survey styrke 7,1.
Ifølgje kinesiske styresmakter er minst 126 personar stadfesta døde og 188 skadde, skriv NRK.
Episenteret til skjelvet var mellom den heilage byen Shigatse og Mount Everest på grensa til Nepal. Det råka området mista både straum og vatn.
Meir enn 3600 bustader er øydelagde og 46 000 menneske er flytta til mellombelse teltleirar, skriv nyheitsbyrået NTB.
Redningsarbeidarar leitar etter overlevande etter jordskjelvet i Tibet. | Foto: Jigme Dorje/Xinhua via AP
Åtak mot presidentbustaden i Tsjad
Onsdag kveld var presidentbustaden i det sentralafrikanske landet Tsjad under åtak. Det melder nyheitsbyrået AFP.
Landets styresmakter opplyser at 19 personar er drepne og ni personar såra. 18 av dei drepne og seks av dei såra var ifølgje utanriksminister Abderaman Koulamallah blant dei som gjekk til åtak på presidentbustaden i hovudstaden N’Djamena.
Det er ikkje offisielt stadfesta kven som står bak åtaket, men ei kjelde seier til AFP at det var den islamistiske terrorgruppa Boko Haram, som lenge har utført åtak i landet.
President Mahamat Idriss Deby Itno (40) sette inn eit militærregime og tok over makta i Tsjad etter at faren hans vart drepen i 2021.
Den tjsjadiske presidenten Mahamat Deby Itno, her på innsettingsseremonien i N'Djamena 23. mai 2024. | Foto: AP Photo/Mouta Ali, File
Lyspunkt: Dyrare brus gjorde borna i England sunnare
I 2018 kom styresmaktene i Storbritannia med ei ny avgift på drikke med høgt sukkerinnhald. Det har mellom anna gjort det dyrare å kjøpe brus. Det har fått god effekt.
Ein ny studie syner at borna i snitt fekk i seg 4,8 gram mindre sukker kvar dag. Det utgjer 1,7 kilo sukker i året.
Born i Storbritannia drikk mindre brus etter at sukkerhaldig drikke har vorte dyrare. | Illustrasjonsfoto: Shane/Unsplash
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.