Dyrare brus gjorde borna i England sunnare
I 2018 vart det dyrare å kjøpe drikke med mykje sukker i Storbritannia. Det har fått god effekt.
Denne artikkelen vart skrive av systeravisa vår Framtida Junior.
I 2018 kom styresmaktene i Storbritannia med ei ny avgift på drikke med høgt sukkerinnhald. Det har mellom anna gjort det dyrare å kjøpe brus.
No har ein ny studie undersøkt kva resultatet av avgifta har vore.
Positiv endring
Studien har undersøkt matvanene til 8000 vaksne og 7600 born. Den viste at borna i snitt fekk i seg 4,8 gram mindre sukker kvar dag. Det utgjer 1,7 kilo sukker i året.
Sjølv om både born og vaksne i Storbritannia framleis får i seg meir sukker enn kva legane anbefalar, meiner studien at nedgangen som kjem fram er positiv.
Å ete for mykje sukker er knytt til både overvekt og tannskader.
– Bør utvidast
Doktor Nina Rogers har vore hovudforskar for studien. Ho er lege ved Cambridge-universitetet i England. Ho meiner resultata i studien viser at avgifta på brus har vist seg å vere eit nyttig verktøy. Ho trur det ville hatt endå større effekt å utvide avgifta til å også gjelde andre matvarer med mykje sukker.
Noreg har hatt ei avgift på sukker tidlegare, men politikarane har vore veldig ueinige om saka. Avgifta vart fjerna i 2021.