Berre éin av åtte studentar veit kven dette er
Berre 12 prosent av studentar veit namnet på forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp). Han har ein plan for å endre dette.
På ei spørjeundersøking frå Sentio har 1000 studentar fått spørsmålet: Kjenner du namnet på ministeren som har ansvar for høgare utdanning?
Berre 12 prosent svarte Oddmund Hoel i år, som vil seie at berre om lag éin av åtte studentar veit namnet på statsråden.
– Dette er for dårleg, både av meg og Noregs studentar, seier Oddmund Hoel til Khrono etter å ha fått lagt fram resultata frå undersøkinga.
For å få fleire studentar til å vite kven han er, har han planar om å møte studentane der dei er.
– Det betyr mellom anna å reise rundt til studiestader i heile Noreg, og vere til stades på ulike arrangement for studentar. Førre veke møtte eg til dømes flystudentar i Bardufoss og ingeniørstudentar i Narvik, seier Hoel.