Her er dei beste filmane frå 2024

Framtidas filmmeldarar gjev deg sine favorittfilmar frå 2024.

Rakeb Berhanu Erana, Ola Birgitsønn Vik, Jenny Lund
Publisert

I 2024 har Framtida.no sine meldarar Rakeb Berhanu Erana, Ola Birgitsønn Vik og Jenny Lund meldt filmar gjennom prosjektet «Ung kritikk», støtta av Fritt Ord. 

Her er deira favorittar frå året som gjekk:

Dune: Part Two

Sidan den første Dune-filmen kom ut, har filmelskarar venta tolmodig på oppfølgjaren. Dune: Part Two innfrir – og overgår – alle forventningar. Filmen har allereie etablert seg som den største filmen i 2024, og set ein ny standard for sci-fi-sjangeren.

Timothée Chalamet, Zendaya, Rebecca Ferguson og Stellan Skarsgård er tilbake som Paul Atreides, Chani, Lady Jessica og Baron Vladimir Harkonnen. Dune: Part Two har med Florence Pugh, Austin Butler og Christopher Walken, som tilfører ensemblet ekstra styrke. Kort sagt: skodespelarprestasjonane er prikkfrie.

Handlinga tek til der Dune: Part One slutta. Huset Atreides har falt, og Paul og mora, Lady Jessica, søkjer hjelp hjå Frimenna. I starten er ikkje alle frimenn villige til å ta dei inn, men leiaren ser på Paul som den lenge venta profeten.

Dune: Part Two har alt ein kan forvente av ein meisterleg film: ei fengjande historie, eit solid tempo og ein gjennomført visuell stil og lydbilete. Alle element spelar saumlaust saman og skapar ei oppleving som verkeleg transporterer publikum til universet i Dune. Filmskaparane har vist stor kjærleik for dei originale bøkene, og det skin gjennom i alle delar av filmen.

Les heile meldinga av Dune: Part Two her!

Regissør: Denis Villeneuve
Sjanger: Sci-fi, politisk drama
Speletid: 2t 47m
Tilgjengeleg: Max, Viaplay, TV 2 Play

– Rakeb Berhanu Erana


Drive-Away Dolls

Drive-Away Dolls er ein lesbisk krim-komedie/road trip film laga av ekteparet Tricia Cook og Ethan Coen.

Jamie (Margaret Qualley) har akkurat slått opp med kjærasten sin og Marian (Geraldine Viswanathan) treng ein pause frå jobben, så dei tek ein ferietur til Florida. Uheldigvis er leigebilen deira full av tjuvegods.

Sjølv om handlinga er dramatisk, tek dei aldri seg sjølv for seriøst. Skurkane sluttar aldri å krangle, Jamie snakkar med ein overdriven Texas-dialekt. Kvar dag blir avslutta med ein psykedelisk draumesekvens med 70-tals estetikk; full av drypande hender, pizza, og Miley Cyrus. Pedro Pascal er karakteren «Penis Collector», men trass i alle desse tullete tinga, klarar dei å fortelje ein overbevisande kjærleikshistorie mellom dei to hovudkarakterane.

Filmen er mange forskjellige ting, og veldig mykje av det han er. Veldig kåt, veldig snål, nesten Cohen, men ikkje heilt.

Mange av overgangane ser ut som dei er henta rett frå PowerPoint. Det går ei tynn linje mellom kjempebra og amatørmessig, men sidan både Cook og Cohen har lang fartstid i filmindustrien, tolkar eg det som eit bevisst val. Heile filmen har ei «me gjer det fordi me har lyst»-haldning, som eg likar kjempegodt. I tillegg er det alltid forfriskande med filmar der dei homofile karakterane faktisk får ein lykkeleg slutt.

Regissør: Ethan Coen
Sjanger: Komedie/Krim
Speletid: 1t 24m
Kor: Skyshowtime, YouTube, Viaplay, TV2 Play

– Ola Birgitsønn Vik


The Zone of Interest

Familien Höss lever eit godt liv. Han er respektert av kollegaar så vel som dei som arbeider under han, og ho oppdrar dei fem borna i draumehuset, med ein nydeleg hage av eige design. Sommardagane er fulle av leik, besøk og solskin.

Hadde det ikkje vore for ljoden av tungt maskineri og røyken som sig over hagegjerdet kunne ein nesten gløymt at dei bur rett ved sidan av konsentrasjonsleiren Auschwitz.

Det nektar regissør Jonathan Glazer å la sjåaren gjere, utan å nokon gong ty til å vise kva som hender der. The Zone of Interest er ein konfrontasjon av den typen vondskap som ein så lett fjernar seg heilt frå, men som ligg nærmare eit kvart menneske enn ein har lyst til å innsjå. I ei tid der fascistisk tankegang tek tak i fleire land er denne kunnskapen dessverre heilt nødvendig.

The Zone of Interest er blant dei sjeldne filmopplevingane som eg har kjent fysisk på kroppen, som ei grop i magen som vert vanskeleg å fylle sjølv etter at eg forlèt kinomørket.

Du kan lese meldinga mi av filmen her.

Regissør: Jonathan Glazer
Sjanger: Drama
Speletid: 1t 45m
Kor: Tilgjengeleg gratis via bibliotektenestene Filmoteket og Cineast, eller for strøyming på Strim og Max, eller lån/kjøp på Apple TV, Viaplay, Vega hjemmkino, SF Anytime og TV2 Play.

– Jenny Lund


I saw the TV glow 

Dette året har gitt oss ei rekke indiefilmperler, og I Saw The TV Glow er på toppen av lista. Filmen tek oss med på ei hjarteskjerande og melankolsk, men også vakker reise gjennom liva til karakterane. Denne reisa er ikkje berre ein refleksjon over karakterane sine liv, men også ei djup og sår avhandling om å vera annleis – spesielt som transperson.

Skodespelarane Justice Smith og Brigette Lundy-Paine leverer sterke prestasjonar som gjev karakterane Owen og Maddy sjel og liv. Filmen har også ei imponerande samling bikarakterar.

Filmen er sett til 90-talet og følgjer to ungdommar som finn fellesskap i sin kjærleik for ungdoms-TV-serien Pink Opaque. Begge opplever utanforskap, men gjennom serien og kvarandre finn dei tilhøyring. Etter kvart avslører filmen at Pink Opaque er meir enn berre ein TV-serie.

Skrekkfilm-aspekta er både skremmande og tankevekkande, og glir saumlaust inn i filmens gjennomgåande tematikk. Saman skapar desse elementa ei tåredrypande og intens filmoppleving.

I Saw The TV Glow er ein forfriskande vri på skrekkfilm-sjangeren – han brukar skrekk til å skildra frykta og utfordringane ved å leva som annleis i verda.

Regissør: Jane Schoenbrun
Sjanger: «coming-of-age», psykologisk skrekkfilm
Speletid: 1t 40m
Kor: TV 2, Viaplay

– Rakeb Berhanu Erana


Thelma

Thelma, ikkje til å forvekslast med Joachim Triers film med same tittel, handlar om Thelma (June Squibb), ein 93-åring som blir svindla over telefonen. Politiet seier at det ikkje er noko dei kan gjere med det, familien seier ho skal vere glad at ho framleis er i live og at pengar ikkje er det viktigaste, men det held ikkje for Thelma. Ho tek lova i eigne hender, «låner» ein elsykkel og ein pistol, og dreg ut for å få tilbake pengane sine.

Humoren i sjølve situasjonen er det som fenger, men det du sit igjen med er kor godt dei skildrar forholda mellom karakterane. Barnebarnet Daniel (Fred Hechinger) er berre søt og kjempesnill mot Thelma, men slit med å leve opp til foreldra sine forventingar. Ben (Richard Roundtree), ein gamal ven som blir med Thelma på eventyret hennar, sørgar over kona si og reflekterer mykje over det å bli eldre. Thelma er prinsippsterk, ho gjev seg aldri, og har mykje plass i hjartet sitt for alle ho møter.

Filmen er hjartevarm, og ei kjempegod skildring av det å bli eldre, både for sjølve hovudkarakteren, venane hennar og familien rundt. Eg vil anbefale filmen til alle, om ikkje anna enn for å få eit døme på korleis ein er eit godt barnebarn eller ei god bestemor.

Regissør: Josh Margolin
Sjanger: Komedie/Drama
Speletid: 1t 38m
Kor: Blu-ray

– Ola Birgitsønn Vik


The Substance

Glansdagane er over for skodespelar Elisabeth Sparkle (Demi Moore). Flytta frå kinolerretet til ei golvmatte i studioet der ho er programleiar for sitt eige treningsshow, vert ho sjokka då ho får vite at også denne jobben skal takast frå ho. Då ho mottar ein mystisk invitasjon til å prøve eit revolusjonerande produkt, ser ho derfor lite å tape, men hennar nye epoke vert alt anna enn enkel.

Eg hadde tidlegare sett regissør Coralie Fargeatno sin stilsikre og brutale debutfilm Revenge, ein moderne og meir utprega feministisk vri på den generelt problematiske «rape and revenge»-sjangeren. Ein solid film, om ikkje ein personleg favoritt, som gav meirsmak. Då ein god venn av meg kom frå filmfestivalen i Cannes med ljos i auga og beskjed om at The Substance var DEN filmen eg måtte sjå, var eg dermed ikkje vanskeleg å overtyde.

Han fekk heilt rett: Fargeat si hand kunne ikkje ha vore stødigare då ho vov saman dette morbide eventyret som samanfattar skrekk, satire og ei overraskande skjørheit på eksemplarisk vis.

The Substance er camp, galskap og gørr, men fy søren om det ikkje er kvalitet også. Dei siste tjue minutta er den mest ekstatiske kinoopplevinga eg har hatt i år. At noko så uhorveleg ekkelt og ellevilt har fått såpass god plass i kinoåret 2024 varmar eit splatterhjarte som mitt.

Regissør: Coralie Fargeatno
Sjanger: Skrekk/sci-fi
Speletid: 2t 20m
Kor: Tilgjengeleg for kjøp på Apple TV, Viaplay, Vega heimekino, SF Anytime og TV2 Play.

– Jenny Lund


Or Utopia

Årets skjulte perle er debutfilmen til den lovande japanske regissøren Yunsoo Kim. Filmen byr på ei unik og engasjerande forteljing om menneske under invasjon av monster. Det som gjer filmen spesiell, er likevel karakterane: kvar og ein blir djupt utforska gjennom dialog, visuelle uttrykk og lydbilete.

Kvar enkelt av dei tolv skodespelarane strålar i rollene sine. Trass i det store persongalleriet, forsvinn ingen av karakterane i bakgrunnen eller blir oversett. Kvar og ein av dei kjennest som ekte menneske med gode og dårlege sider, og kjemien mellom dei er framifrå. Difor er rollebesetninga i Or Utopia blant årets mest imponerande.

Handlinga tek til i 2024, då gigantiske insektliknande monster invaderer Japan. Militæret evakuerer sivile, men i eit hotell blir tolv menneske etterlatne. Med hjelp frå hotellverten og hotellsjefen, kjem dei saman for å overleve. Sjølv om dei klarer å leve i lag, oppstår det spenningar – spesielt etter at ein av bebuarane blir funnen død.

Or Utopia har alt: mystiske skapningar, interessante karakterar, sterke relasjonar, vakker visuell stil og eit gjennomført lydbilete. Men det som verkeleg gjer filmen spesiell, er bodskapet og samfunnskritikken.

Karakterane er menneske i utfordrande livssituasjonar, og filmen behandlar dei med kjærleik og tolmod. Fellesskapet dei skapar på hotellet blir framstilt som kanskje betre enn samfunnet dei hadde før invasjonen. Filmen løfter fram spørsmålet: Har desse menneska blitt svikta av samfunnet? Treng dei eigentleg å bli redda?

Slike nyskapande fiksjonsfilmar utfordrar tankane, og Or Utopia let publikum sitje att med mykje å gruble over.

Regissør: Yunsoo Kim
Sjanger: Sci-fi, drama
Speletid: 2t 9m
Kor: Prime

– Rakeb Berhanu Erana


Den ville roboten (The Wild Robot)

Eg var litt skeptisk til filmen før eg såg han.

DreamWorks har laga nokre veldig gode filmar i det siste, som Pus med støvlar 2 og The Bad Guys, men Ruby Gilman og Kung Fu Panda 4 var ganske skuffande.

Fyrste traileren til Den ville roboten verka lovande; vakker animasjon, som minna om «Pus», og ingen dialog! Så kom dei ut med skodespelarane; store namn som ikkje nødvendigvis hadde noka erfaring med animasjon. Heldigvis leverte filmen, og for eit resultat!

Filmen handlar om Roz (Lupita Nyong’o), ein defekt service-robot stranda på ei øy utan menneske, som må lære seg å leve saman med dyra. Ved eit uhell øydelegg ho eit gåsereir, og det blir oppdraget hennar å passe på det eine egget som overlevde.

Den målaraktige animasjonsstilen passar veldig godt til både naturskildringa og det utopiske samfunnet Roz kjem ifrå. Fragebruken er heilt eksemplarisk, best illustrert gjennom Roz sjølv, som lyser opp omgjevnadane i samsvar med følelsane sine. Dette er ein film som ikkje kastar bort noko tid, og som ein bør vite så lite som mogleg om før ein ser han.

Regissør: Chris Sanders
Sjanger: Animasjon/Familie
Speletid: 1t 42m
Kor: Blu-ray

– Ola Birgitsønn Vik


No Other Land

Basel Adra er ein palestinsk aktivist og journalist som har vakse opp med å sjå familie og vennar kjempe for retten til leve i Masafer Yatta, eit område på Vestbreidda i Palestina, som har blitt erklært som militærsone av israelske styresmakter. Då han vert kjent med Yuval Abraham, ein israelsk gravejournalist, bestemmer dei to seg for å dokumentere den israelske hæren si øydelegging av heimar og interaksjonar med dei palestinske innbyggjarane som kallar Masafer Yatta sin heim. Resultatet er No Other Land, og den sterkaste kinoopplevinga eg hadde i 2024.

Det er vanskeleg for meg å finne dei rette orda for ein dokumentar som No Other Land. Han er så mykje større enn det eg har kapasitet for å formidle. Det er nettopp derfor eg har lyst å løfte han her, fordi han seier så mykje meir enn det dei fleste av oss kan. Sidan dokumentaren vart filma og ferdigstilt i oktober 2023, har situasjonen blitt uuthaldeleg.

Ein film er ikkje nok til å endre verda, men No Other Land si unike, djupt personlege forteljing om motstand på tvers av landegrenser og over tid gav meg eit innblikk eg er utruleg takksam for.

No Other Land er framleis ikkje sloppen på strøymetenester, men har planlagt kinopremiere 7. februar neste år. I mellomtida kan ein sjå den korte dokumentaren Forced from home, som Leger Uten Grenser har laga om situasjonen i Masafer Yatta.

Regissør: Basel Adra, Yuval Abraham, Rachel Szor, Hamdan Balal
Sjanger: Dokumentar
Speletid: 1t 35m
Kor: På kino 7. februar

– Jenny Lund