Filmmelding: The Zone of Interest – presenterer utruleg vanskelege tema på ein fantastisk god måte

Oscar-nominerte The Zone of Interest ein stille konfrontasjon av menneskeleg vondskap, og ei skakande, unik filmoppleving frå utsida av Auschwitz.

Jenny Lund
Publisert

Eg håpar og trur at me som samfunn er kome langt nok til at dei aller, aller fleste er einige om at nazisme er utilgiveleg grufullt. Det har gjort det lett å tenkja på nazistar som umenneskelege beist, noko som dessverre er ein grov forenkling.

The Zone of Interest tvingar sjåaren til å konfrontera vondskap som menneskeleg. Ved å leggja daglegdags familieidyll og -drama oppå menneska sin største forbryting, legg han fram ein uuthaldeleg skremmande absurditet. Det uforståeleg vondskapsfulle er ikkje berre blitt kvardagsleg for hovudkarakterane. Dei opplever det ikkje som vondskapsfullt ein gong.

The Zone of Interest

Nasjonalitet/språk: England, Polen, USA, tysk, jiddisk, polsk

Regi: Jonathan Glazer

Noregspremiere: 26.01.2024

Aldersgrense: 12 år

Sjanger: Drama

Speletid: 1t 45m

Resultatet er ikkje berre ein svært ubehageleg film, men ei åtvaring om vårt eige ansvar for å stå i mot umenneskeleggjering. Det er så lett å fråskrive seg ansvar og kalla holocaust for umenneskeleg vondskap, men som det me veit om andre verdskrig fortel oss, er vondskap noko menneske er frykteleg gode til.

Stor spenning

Ein god ven av meg er ganske driven når det kjem til filmfestivalar, og heilt sidan han kom heim frå Cannes har han nærmast rista i spenning etter å høyra kva folk kjem til å tenka om The Zone of Interest. Eg må derfor innrømma at eg, trass i at eg alltid prøver å være nøytral når eg går inn i kinosalen, var ganske spent på kva eg hadde i vente.

Regissør Jonathan Glazer er ikkje blant dei mest produktive som jobbar i dag, med fira spelefilmar spreidd på ein over tjue år lang karriere. Likevel har han markert seg som ein veldig interessant ein, og det beviste han for meg her.

The Zone of Interest er nemleg ein av dei mest ubehagelege, men unike, filmane eg nokosinne har sett på kino.

I ein villa i Polen

Rudolf Höss (Christian Friedel) og kona Hedwig (Sandra Hüller) byggjer eit godt liv for borna sine i draumeheima si: Ein vakker villa i Polen. Hedwig har ein nydeleg hage av eige design, og dei bur rett ved sida av arbeidsplassen til Rudolf – konsentrasjonsleiren Auschwitz.

Vanlegvis hadde eg sagt litt meir om handlinga, men dette er ein av dei filmane der eg trur det er bestå gå inn i utan så mange detaljar. Det er ikkje fordi The Zone of Interest er full av sjokkerande vriar og avsløringar. Det er eit ganske enkelt handlingsforløp, men han er såpass ukonvensjonell at det er vanskeleg å formidla kva ein kan forvente i tekstformat. Eg vil anbefala å gå inn med eit ope sinn, utan å vita for mykje.

Velkomponert ubehag

The Zone of Interest er nominert til fem Oscar-statuettar. I tillegg til «beste internasjonale film», «beste lyd» og «beste adapterte manus», kan filmen vinna dei høgthengande statuettane for «beste film» og «beste regi».

Glazer sin regi er strålande, med ein distansert stil som får sjåarar til å føla seg enda meir framandgjort i ein situasjon som allereie er absurd på det verste viset. Ljoddesign, musikk og kameraarbeid kjem saman for å skapa den type filmatisk rom som ein kjenner seg fanga i, uansett kor stort eller ope det vert. Frå hagen kan ein alltid sjå konsentrasjonsleiren på andre sida, og ljoden frå han er nær konstant. Ein kjem aldri vekk frå verkelegheita. Dei augeblikka der eg i ein anna film hadde smilt litt av ein kommentar eller hending, vert smilet sittande fast før det nådde fram.

Det var ikkje noko eg følte eg hadde retten til. Det vert for feil å ein gang tenkja på å smile.

The Zone of Interest har ikkje eit blikk som søkjer vald. Glazer framstiller vondskap gjennom styremøte, ljod og stemning, men aller mest med det som vert usagt. Han er ikkje interessert i å ta sjåaren inn bak murane i leiren, og det treng han heller ikkje: Me veit allereie kva som hender der. Trass i tematikken og den faktiske konteksten, tyr filmen aldri til sjokk, som lett kunne blitt smaklaust. Det er kanskje den største styrken han har.

 

Menneskeleg vondskap

Å setja eit terningkast på filmar som dette er alltid vanskeleg, fordi ein ikkje akkurat nyt eller i det heile tatt skal nyta opplevinga. Med det sagt er The Zone of Interest akkurat det han burde være. Det er ein film som presenterer utruleg vanskelege tema på ein fantastisk god måte, og ein eg vil bære med meg lenge.

Terningkast: 6


Meldarsatsinga vår er ein del av prosjektet «Ung og kritisk», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.