Dune: Part Two – ein fantastisk film som er verd å oppleva

Filmmeldar Rakeb meiner det nye kapittelet i science fiction-serien brukar den lange speletida godt, med vakre bilete og eit ikonisk lydspor frå Hans Zimmer.

Rakeb Berhanu Erana
Publisert

Denne meldinga er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

Det episke science fiction-dramaet Dune, regissert av Denis Villeneuve, er tilbake med del to.

Dune: Part Two er større, meir dramatisk, og fylt med meir sand og ørken.

Timothée Chalamet og Zendaya er tilbake i deira respektive roller som Paul Atreides og Chani. Resten av rollebesetninga er også fylt med Hollywood-gigantar, blant anna Austin Butler, Florence Pugh, og svenskane Rebecca Ferguson og Stellan Skarsgård.

Dune: Part Two 

Nasjonalitet/språk: USA/engelsk

Regi: Denis Villeneuve 

Noregspremiere: 28. februar 2024

Aldersgrense: 12 år

Sjanger: Science fiction, politisk drama

Filmlengde: 2t 47m


Dune: Part Two
er basert på andre halvdelen av boka Dune (1965) skriven av Frank Herbert. Filmen føregår rett etter handlingane i Dune: Part One.

Paul har blitt akseptert av Frimennene, og dei tek Paul og mora hans, Lady Jessica (Rebecca Ferguson) inn som flyktningar. Frimennene er splitta om kva dei trur om Paul og mora – nokre meiner Paul er profeten deira, mens andre meiner han er ein framand med vonde intensjonar.

Etter kvart som Frimennene får tillit til Paul, blir han teken inn av krigarane, og lært opp til å slåst slik som Frimennene. Saman skal dei gå i kamp mot Harkonnen-huset og sjølvaste keisaren.

Eg kan ikkje understreka nok kor fantastisk heile rollebesetninga er – kvar skodespelar, anten det er ei Hollywood-superstjerne eller ikkje, gjev karakterane sine liv med heile sitt hjarte.

Timothée Chalamet strålar som hovudkarakteren Paul. Me får ei utruleg truverdig, emosjonell og dynamisk framstilling av Paul – noko som gjer han lett å elska. Ikkje minst følast alle interaksjonane mellom karakterane naturlege og dynamiske. Ein blir heilt oppslukt i forholda til karakterane – spesielt mellom Paul og Chani.

Dune: Part Two har eit stort budsjett – det legg ein fort merke til, spesielt på korleis filmen ser ut.

Det visuelle aspektet av filmen er heilt fantastisk, og er nok det beste ved filmen.

Filmfotograf Grieg Fraser sørger for at bileta i Dune: Part Two er utruleg vakre, dynamiske og eksperimentelle. Bileta i Dune: Part Two skil seg frå sci-fi-filmar ein ser no til dags – det er veldig forfriskande og inspirerande å sjå ein slik eigenarta film.

Lydbiletet spelar utruleg godt saman med bileta og handlinga, og er komponert av ikoniske Hans Zimmer. I lydbiletet finn me ei blanding av typisk orkestermusikk for slike blockbusterar, og arabisk- og midtausteninspirert musikk som passar godt saman med ørkenplaneten Arrakis. Denne blandinga av forskjellig musikk hevar opplevinga av filmen.

Dune-bøkene av Frank Herbert er tunge og innhaldsrike, difor er dei vanskelege å filmatisera, men Dune: Part Two (og Dune: Part One) klarar å løysa dette problemet gjennom smarte filmverkemiddel. Sidan mykje av forteljinga blir fortald gjennom bileta, lydbiletet og undertekst, blir ein ikkje overvelda med masse dialog og overforklaring. Gjennom filmen er dialogane og dei verbale forteljingane lette å følgja med. I tillegg er det utruleg kjekt med dialogar i fiktive språk som blir omsett undervegs. Alt dette gjev publikum ein film med god flyt, og dette gjer filmen enkel å bli dratt inn i.

Sjølv om Dune: Part Two er meint for ein brei demografi, er den ikkje ein typisk sci-fi-film – dette er både bra og dårleg. Dune er ei unik forteljing med masse intrikat verdsbygging og politikk, noko som gjer ho spennande.

For dei som ikkje er interessert i intergalaktisk politisk drama, begeistrar ikkje filmen like mykje. Det kan vera vanskeleg å setja seg inn i handlinga i Dune dersom ein ikkje har interesse for slikt.

I tillegg er Dune: Part Two ein utruleg lang film, med mange forskjellige forteljingar og karakterar ein må halde styre på. Det kan vera slitsamt for dei som ikkje er vant til lange, tunge filmar. Lengda på filmen er ikkje nødvendigvis noko negativt – sidan Dune: Part Two brukar tida godt, er dette berre eit problem for dei som ikkje maktar å sitja gjennom langsame filmar.

Dersom ein har tre timar ledig ei helg, er Dune: Part Two ein god måte å bruka tida si på. Sjølv om ein ikkje likar sci-fi politisk drama, burde ein framleis sjå den på grunn av rollebesetninga, bileta og lydbiletet. Dune: Part Two er ein fantastisk film som er verd å oppleva.