Sair (18) trefte blink på første elgjakta si

Organisasjonen Wild X sitt gratis friluftstilbod har vore vegen inn i ein ny hobby for mange ungdommar. Framtida har prata med tre av dei.

Åshild Slåen
Publisert

Denne saka er ein del av prosjektet «Konstruktivt perspektiv», som er støtta av Fritt Ord.

– Ja!

Sair Alam (18) står stødig med hagla når han roper ut. Ei oransje leirdue flyr over skytebana, og han følgjer henne raskt før han trekker av.

Det er siste laurdagen i november, og jaktgruppa til friluftsorganisasjonen Wild X har si siste skyting i år før dei samlast for å ete gryte og konkurrere om å vinne eit stormkjøken. Ni ungdommar, pluss ein nysgjerrig Framtida-journalist, er der for å prate om turane dei har vore på, teste kva dei kan og ha det hyggeleg med venar.

Wild X er den einaste fleirkulturelle frilufts- og miljøorganisasjonen i Noreg. Dei lærar minoritetsungdom om norsk natur og dyreliv gjennom tur, jakt, fiske og andre friluftsaktivitetar.

Tidlegare i år vann den daglege leiaren Amir Ranjbar (25) prisen Nordic Pioneer for arbeidet sitt med organisasjonen.

– Menneske er frå naturen

Sair Alam er fødd nord i Pakistan, men har budd lenge på Furuset i Oslo. For tre år sidan var han med ein kompis på Høybråten, der Wild X har hovudkvarteret sitt, for å hente ei pakke. Då vart dei invitert med på tur av organisasjonen.

– Det var tilfeldig, og eg veit ikkje kvar eg ville vore elles.

Turar vart til leiarkurs, opplæringsjakt, jegerprøve og ein heilt ny hobby for Alam. Han fortel at før Wild X var han lite involvert i friluftsliv, utanom skogsturar med pølsegrilling på barneskulen.

I dag elskar han å vere ute i naturen.

– Vi menneske er jo frå naturen. Du får ein annan type fred. Det er ubeskriveleg. Du slepp å tenke på noko anna, gløymer alt som er i livet generelt, så er du berre der.

Interessa for jakt vaks etter dei første turane, og Alam vart meir involvert. I dag er han røyrleggarlærling på dagen, men på ettermiddagane er han tilsett som miljøarbeidar i organisasjonen.

Alam er også ein av dei som i år har vore så heldige og fått skyte ein elgokse.

Men meir om det seinare.

Oppvakse i organisasjonen

Ein treng ikkje ta jegerprøva for å vere med på aktivitetar med Wild X.

Lejla Pezerovic (16) vart lokka inn av pølser og is då ho var ni år gamal og hang i nabolaget med venar.

– Eg hadde aldri tenkt at eg er eit friluftsmenneske. Eg hadde heller tenkt at eg går rundt på byen og Oslo S, seier Pezerovic når Framtida pratar med henne før jaktgruppa skal ut på skyting.

I dag er ho ein av fleire faste frivillige, og ho gjer ein innsats for at andre ungdommar skal bli med. Når Framtida.no møter henne gjer ho seg klar til å stå på stand for Wild X på ein vintermarknad på Holmlia.

– Eg plar alltid i seie: Gi det éin sjanse. Bli med på tur eller jakt eller fisking, for då lærar ein så mykje, og det er naturen og det heile som er så fint.

Pezerovic hugsar at ho skreik skikkeleg fyrste og einaste gongen ho fekk fisk. Så var det å ringe gira heim til mamma og fortelje.

Ho meiner den kunnskapen ho har lært gjennom Wild X har vore svært nyttig no som ho går helse og oppvekst på vidaregåande. Alt frå korleis ein kler seg i forskjellig vêr og korleis det er å sove ute, til større ansvar. Ho har vore på både leiarkurs og kurs om konflikthandtering gjennom organisasjonen, som kjem godt med i faget hennar.

– Om det skulle skje ein konflikt eller krangel no, så veit eg korleis eg handterer det.

Når lærlingtida kjem, håpar ho å kunne ha det hjå Wild X. Uansett forsvinn ho ikkje vekk frå organisasjonen med det fyrste.

– Det er her eg bur, det er her eg er oppvaksen og har lært så mange ting.

Frå rugby til jakt

Mohammed Sadiq Al-ameri (17) har ikkje vore med like lenge som Lejla og Sair, men trivst veldig godt etter eit år i organisasjonen. Familien hans er frå Irak, men han er fødd i Noreg, og det er her storebroren hans har vakse opp. Al-ameri har derimot budd i England fram til for litt over eitt år sidan.

Då han flytta tilbake til Noreg gjaldt det å finne noko å drive med. I England var det rugby som hadde teke opp tida hans, men det var ikkje like mange rugbylag i Groruddalen.

– Eg er aktiv i politikk, som er ein hobby, men det er ikkje som friluftsliv. Eg er veldig glad i sport og i å vere aktiv, så Wild X var berre ein golden opportunity, for ein dreg og deltek på så mange kule ting heilt gratis.

Storebroren hadde allereie vekka interessa for jakt då Al-ameri var på sommarbesøk nokre år tidlegare. Det var broren som overtydde han om å ta jegerprøva.

– Det er ikkje så vanskeleg å byrje å jakte, også fann eg ut at eg kan ta jegerprøva gratis gjennom obligatoriske samlingar med Wild X. Så tok eg og bestod jegerprøva første gongen.

Han er veldig takksam for å få vere med på gratis jaktturar han veit ville vore dyre, og få skikkeleg innføring i våpentryggleik.

– Når ein tenker på det så er det eit våpen, så ein må vere veldig sikker på det ein gjer, og eg trur det er det som Wild X er best på.

Alle typar menneske skal kunne jakte og fiske

– Wild X gjer eit godt arbeid med å inkludere minoritetsungdom i friluftsliv, jakt og fiske. Dette er heilt i tråd med vår visjon om å gjere naturen tilgjengeleg for alle.

Det skriv styreleiar i Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF), Ole-Martin Meland, på e-post til Framtida.

– Slike initiativ er avgjerande for å skape breiare deltaking og styrke mangfaldet i friluftslivet.

Han fortel at mangfald er eit viktig fokusområde for organisasjonen, og at dei vil at alle typar menneske skal ha moglegheit til å ta del i aktivitetane deira.

Ole-Martin Meland er styreleiar i norges Jeger- og Fiskerforbund. | Foto: Privat

– Vi har framleis mykje å jobbe med, men ser positive teikn til at fleire og meir varierte grupper finn glede i jakt og fiske.

Meland erkjenner at økonomi kan vere ein stor barriere for mange, og at det er difor dei har både ungdomsgrupper og kurs der noko av kostnaden blir dekka. Fleire stader har dei også utlån av utstyr, som kan vere ein stor utgiftspost.

Han er ikkje overraska over at jakt er ein hobby som slår an for dei unge i Wild X, og meiner det gir ein unik kombinasjon av spenning, fellesskap og naturopplevingar.

– For mange unge kan det å lære om natur, dyreliv og berekraftig ressursbruk vere både spennande og meiningsfylt. Samstundes gir det ein pause frå ein elles digital kvardag. Jakt er også ein hobby som gir rom for meistring, tolmod og tilhøyre – kvalitetar som kan vere svært givande for unge, uansett bakgrunn.

Stoltheit og jakt

For ungdommane i Wild X si jaktgruppe var elgjakta eit av dei store høgdepunkta i haust. Der fekk dei som hadde skaffa seg eiga rifle vere med til Gausdal med eit anna jaktlag, og Sair Alam var så heldig å få skyte ein elgokse som hadde ei slaktevekt på godt over 200 kilo.

– No kjem alle til å tru at ein får skyte elg på fyrste elgjakta si, kommenterer dagleg leiar Amir Ranjbar når han fortel om turen.

For Alam var det ei heilt spesiell oppleving å få vere med. Han fortel om bekken dei måtte krysse, det kalde vêret, sveitten som vart isande kald når dei sette seg på post for å vente, og å følgje med på GPSen når elgbikkja fekk los.

Og ikkje minst: då han fekk sjå oksen, og tok skotet.

Alam trefte på første skot, men elgen seig ikkje om, den halta seg ganske sakte vidare inn i skogen.

– Eg var redd og tenkte: «Oi kva har eg gjort no, har eg skadeskote?»

Å skadeskyte vil seie at skotet treffer dyret på ein plass som ikkje fører til ein rask død.

Dei venta på post til dei hadde klart signal frå jaktleiar, og byrja å spore elgen. Det tok ikkje lang tid før dei fekk sjå han i ei skråning. Han var daud, med eit skot som trefte lungene, og sneia hjartet.

Alam var fylt av adrenalin og stoltheit, og fekk mange gratulasjonar.

– Då starta den helvetes jobben med å få den elgen heile vegen tilbake der vi hadde gått, smiler han.

Det var det ingen som klaga på, spesielt ikkje Alam, som tok med seg 30 kilo med elgkjøt heim til familien. Det blir fleire turar ut i naturen for han.

– Det er der vi er frå og der vi lever. Det er heilt annleis enn bylivet. Jakt og fisking er noko eg brenn for, det er noko stort i livet mitt.