Hurtigdomstol for ungdom blir utvida
Ordninga med hurtigdomstol for ungdomskriminelle skal utvidast til å gjelde også politidistrikta Aust og Agder.
Det er klart etter at SV fekk gjennomslag for dette i budsjettforhandlingar med regjeringspartia.
– I dag kan vi sjå døme på at ungdom gjer seg skuldig i nye lovbrot medan dei ventar på reaksjonar på sitt førre lovbrot. Derfor er eit hurtigspor viktig. Då kan reaksjonen komme raskt til det beste for samfunnet og ungdommen, skriv stortingsrepresentant og justispolitisk talsperson Andreas Sjalg Unneland i ein e-post til NTB.
Frå før hadde regjeringa foreslått å innføre eit hurtigspor for domstolar i Oslo i straffesaker der gjerningspersonen er under 18 år. No blir det også hurtigspor i Aust politidistrikt – altså Østfold, Follo og Romerike – og Agder politidistrikt.
– Det er viktig for at straffa og rehabiliteringa kan starte raskt, men også for å hindre at nye lovbrot blir gjorde medan ein ventar på at ei sak skal opp i domstolen, skriv Unneland.