Klimatoppmøtet:

Noreg forpliktar seg til 1,5-gradersmålet – klimarørsla krev seriøse pengar på bordet

– Kva løysingar som vert valde betyr mykje for om omstillinga til eit lågutsleppssamfunn vert rettferdig, seier Lillian Bredal Eriksen i Forum.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Det er nest siste dag av klimatoppmøtet i Baku. Endå verkar landa å vere langt ifrå ei semje. Men torsdag morgon kom det ein lovnad frå ei rekke land, mellom anna Noreg, EU, Canada og Storbritannia:

Landa forpliktar seg til at deira neste klimamål skal vere i tråd med 1,5-gradersmålet.

Norsk ansvar

Alle landa skal levere inn nye klimamål våren 2025. Ei av dei viktigaste sakene under årets klimatoppmøte har difor vore å drøfte kva mål ein skal ha for utsleppskutt i eige land.

I pressemeldinga som kom torsdag morgon, heiter det mellom anna:

– Vi vedkjenner at det hastar å ta handling mot klimakrisa, og den viktige rolla store utslepparar har i å sette verda på ein kurs mot 1,5 gradars oppvarming.

Då regjeringa la fram statsbudsjettet tidlegare i haust, kom det fram at Noreg har bevegd seg lengre ifrå å nå målet om å kutte 55 prosent av eigne utslepp innan 2030.

No seier klima- og miljøminister Tore O. Sandvik (Ap) derimot at Noreg må ta sin del av ansvaret.

Han seier at Noreg sender ein tydeleg bodskap, saman med Europa, om at alle land må ta ansvar.

– Noreg må legge fram klimamål i tråd med forpliktingane i Parisavtalen. No er det på brei høyring i Noreg. Vi får mange signal frå næringsliv og andre om at Noreg må ta sin del av ansvaret, seier Sandvik til NRK.

Finansiering av klimatiltak

På klimatoppmøtet skal medlemslanda også bli einige om klimafinansiering, som i stor grad handlar om at industriland skal stille med pengar til klimatiltak i utviklingsland.

Utviklingslanda har bede om at den tidlegare summen på 100 milliardar dollar i året, vert auka til 1000 milliardar.

På morgonen den nest siste dagen verkar landa framleis å stå langt unna kvarandre, ifølge NRK.

– Stor tyding for dei fattigaste

Norske klimaorganisasjonar som er til stades i Baku meiner Noreg må vise leiarskap i forhandlingane, og forplikte seg til eit ambisiøst klimafinansieringsmål.

Forum for utvikling og miljø (Forum), som representerer rundt 60 norske organisasjonar, meiner Noreg må bidra med minst 67 milliardar kroner for å bygge tillit og redusere utfordringane utviklingslanda står overfor i det grøne skiftet.

– Kva løysingar som vert valde betyr mykje for om omstillinga til eit lågutsleppssamfunn vert rettferdig. Skilnadene mellom fattig og rik, og kven det er som ureinar og ikkje, er enorme. Utfallet får stor tyding for om verdas fattigaste som har ureina minst, får det verre eller betre, seier Lillian Bredal Eriksen, seniorrådgivar i Forum, i ei felles pressemelding.

Anna Smeby i KFUK-KFUM påpeiker at Noreg har vore pådrivar for inkludering av menneskerettar i forhandlingane, men meiner dette berre vert fine ord, og at det vert umogleg å sikre i praksis, viss ein ikkje også kjempar for høge summar til klimafinansiering.

– Noreg har endå ikkje lagt noko tal på bordet for å sikre eit rettferdig og ambisiøst klimamål. Det er feigt, og drar ut prosessen når partane skal komme til semje i løpet av det neste døgnet, seier Marte Hansen Haugan, leiar i Changemaker.