Rapport: Klimaendringane truar helsa til folk meir enn nokosinne
Klimaendringane utgjer ein stadig større trussel mot helsa til folk. Dødsfall grunna ekstremvêr, smittsame sjukdommar, tørke og matmangel har nådd nye høgder.
Det viser ein ny rapport frå Lancet Countdown, som 122 forskarar har vore med på å lage. I åtte år har dei følgt med på 15 ulike indikatorar, og av desse er ti no på eit rekordhøgt nivå, ifølgje rapporten.
Ekspertane teiknar eit dystert bilete av korleis manglande handtering av klimaendringane fører til meir død.
– Den bortkasta tida blir betalt med liv, skriv dei.
Rapporten vart offentleggjort onsdag, få veker før FNs klimatoppmøte COP29 skal haldast i Aserbajdsjan, og veka før valet i USA, som kan føre klimaskeptikaren Donald Trump tilbake i Det kvite hus.
Blant indikatorane er dødsfall som følgje av ekstremvêr, eldre som døyr av varme, spreiinga av smittsame sjukdommar og matmangel som følgje av at avlingar blir øydelagde av tørke og flaum.
Lancet Countdowns administrerande direktør Marina Romanello seier at det er rekordhøge truslar mot folkehelse og overleving i alle land, og at desse har stige til eit nivå som aldri har vorte registrert tidlegare.
Mellom anna har talet på menneske på over 65 år som døyr av varme, stige med 167 prosent sidan 1990, myggborne sjukdommar har spreidd seg til stadig større område, og i fjor vart det registrert rekordmange tilfelle av denguefeber, over 5 millionar.