Skulane blir lagt ned neste år. Det vil seie at mange elevar frå hausten 2025 må flytte eller pendle lange distansar.
Det var Arbeidarpartiet, Høgre og Miljøpartiet dei Grøne som gjekk inn for forslaget. Grunngjevinga er eit minkande elevtal, med potensielt 5000 ledige skuleplassar innan 2038, og mindre pengar frå staten til å drive skule.
Forslaget møtte stor motstand, med både underskriftskampanjar og demonstrasjonar før vedtaket.
Elevar klemmer kvarandre etter at saka om skule- og tilbodsstruktur i Innlandet fylkeskommune har blitt behandla i fylkestinget onsdag. | Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Brics er eit samarbeid mellom forskjellige land og står for dei opphavelege medlemslanda Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika. Saman med dei nye medlemslanda Egypt, Etiopia, Iran, Saudi-Arabia og Dei sameinte arabiske emirata er dei no samla i Russland.
Den kinesiske presidenten Xi Jinping var tydeleg på at det ikkje må vere noka eskalering i krigen i Ukraina, og den brasilianske presidenten Lula da Silva understreka at ein må starte fredsforhandlingar.
Statsminister Narendra Modi frå India var ikkje like direkte, men sa at dei støtta diplomati, ikkje krig.
Brics-landa er viktige samarbeidspartnarar for Russland, som har blitt meir isolert etter dei invaderte Ukraina i 2022. President Vladimir Putin skal ha sagt at han ønsker velkommen tilbod frå dei andre landa i å opne dialogen mellom Russland og Ukraina.
Samstundes fortalde presidenten at Russland rykkjer vidare inn i Ukraina.
Delegater til stade i Kaazan i Russland på Brics-møtet 24. oktober. | Foto: Maxim Shemetov, Pool Photo via AP
Terroråtak i Tyrkia
Onsdag var det ei skyting og fleire eksplosjonar ved kontoret til luft- og forsvarsselskapet Tusas utanfor den tyrkiske hovudstaden Ankara.
Tyrkiske styresmakter omtaler det som eit terroråtak frå den kurdiske PKK-geriljaen, og har meldt om fem drepne og 22 skada i åtaket.
Etter åtaket har Tyrkia gått til åtak på fleire PKK-mål i Syria og Irak. Dei skal ha treft 30 forskjellige mål i åtaket. Tyrkiske styresmakter seier dei har drepe 59 terroristar, medan den kurdiske militsen Syrian Democratic Forces (SDF) seier at 12 sivile vart drepe, skriv NRK.
Ambulansar i kø utanfor Ankara etter bombinga 23. oktober. | Foto: AP Photo
Ein person døydde i ulukka, og ti personar blei følgd opp av helsepersonell. SJ har stadfesta at det var lokføraren som døydde i ulukka.
Det var 46 passasjerar og tre tilsette om bord på toget. Avsporinga skjedde på grunn av eit steinras på jernbanen.
Både Nordlandsbanen og bilvegen E6, der toget landa, er stengt inntil vidare, melder NRK.
Redningsskøyta «Leif Erik Simonsen» ved Finneidfjord for å bistå med å lyse opp ullukkesstaden slik at naudetatane kunne. halde fram med arbeidet etter at det vart mørkt. | Foto: Redningsselskapet / Handout / NTB
Ekssjefen for Abercrombie & Fitch sikta for menneskehandel
Han vart arrestert saman med sambuaren sin Matthew Smith.
FBI starta etterforsking i fjor etter at BBC publiserte intervju med skuldingar om at Jeffries og Smith hadde misbrukt menn på sine eigne arrangement i New York og på hotell rundt om i verda.
Jeffries skal ha tilsett ein mellommann, James Jacobson, som også er arrestert og sikta. Jacobson skal ha rekruttert menn til arrangementa, som så vart dopa ned og seksuelt misbrukt.
Det er 15 fornærma i saka, men det kan ifølgje påtalemyndigheitene vere prat om fleire titals offer.
Michael Jeffries (til høgre) set seg inn i bilen til advokaten sin etter ei høyring tysdag 22. oktober. | Foto: AP Photo/Rebecca Blackwell
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.