Birgitte Vågnes Bakken, Åshild Slåen, Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Ein norsk mann i 60-åra er sikta for å ha drepe finske Janne Puhakka (29). Puhakka var tidlegare ishockeyspelar og var den første ishockeyspelaren på øvste nivå i Finland som stod fram som homofil. Då Puhakka vart drepen, var han deltakar i den finske versjonen av realityprogrammet «Forræder».
Nordmannen vart onsdag varetektsfengsla i Finland, skriv politiet i ei pressemelding. Ifølgje politiet er motivet for drapet samlivsbrot. Dei to hadde vore saman i om lag ti år og var tidlegare sambuarar.
Finsk politi meiner drapet var planlagt. Forholdet skal ifølgje politiet ha teke slutt nokre veker før drapet, og Puhakka skal ha flytta ut av den felles bustaden deira. Søndag, då han vart drepen, skal han ha vore tilbake for praktiske gjeremål.
Nordmannens forsvarar seier han har innrømt å ha forårsaka dødsfallet. Han skal ha skote Puhakka med jakthagle, melder politiet. Mannen har ifølgje politiet ikkje tatt stilling til skuldspørsmålet, skriv NRK.
For første gong har eit EU-land sendt migrantar til leirar i eit land utanfor EU, skriv NRK.
Det italienske innanriksdepartementet opplyste måndag at eit skip med migrantar hadde reist frå øya Lampedusa i Italia til Shëngjin i Nord-Albania. Albania er ikkje ein del av EU. Skipet var kome fram onsdag.
Migrantane skal vere i Albania medan dei ventar på at søknadane deira om asyl blir handsama. Det er likevel italienske styresmakter som skal handsame søknadane, og interneringssentera i Albania er styrt av Italia. Ifølgje nyheitsbyrået Reuters har Italia gjort ein avtale om at dei kan sende opp til 36 000 migrantar årleg til Albania.
Avtalen har blitt kritisert av menneskerettsforkjemparar. Legar utan grenser meiner ifølgje NRK at Italia prøver å omgå ansvaret dei har for menneske som søkjer asyl. Amnesty International er uroa for at andre land vil la seg inspirere av Italia.
NRK skriv at FNs høgkommissær for flyktningar, UNCHR, skal overvake ordninga og sørge for at asylsøkjarar får rettane sine varetekne.
Onsdag kom Høgsterett med dommen i den såkalla sjølvvplagiatsaka. Ein student vart utestengd frå Høgskulen i Innlandet etter at ho i 2021 tok opp att eksamen i eit fag ho hadde stroke i. I plagiatkontrollen kom det fram at ho hadde brukt tekst frå ein tidlegare eksamen, utan å gi opp dette som kjelde.
Studenten som fekk annullert eksamen, vart utestengd frå skulen i to semester, og hadde heller ikkje rett til å ta eksamen ved andre universitet og høgskular i denne perioden.
Høgsterett slår fast at utestenginga er ugyldig.
Sidan teksten ho brukte var frå ein eksamen som ikkje vart godkjent, gjaldt ikkje grunngjevinga som vart brukt for utestenginga. Studenten tapte fyrst saka mot Kunnskapsdepartementet, før ho vann saka i Borgarting lagmannsrett.
Verdas vassystem er for første gong i historia ute av balanse, ifølgje ein rapport frå Global Commission on the Economics of Water. Det skriv CNN.
Dei viser til det komplekse systemet som beveger vatn rundt jorda. Vatn fordampar frå bakken, stig opp i atmosfæren og dannar elver med vassdamp som kan bevege seg over store avstandar før det fell mot bakken som regn eller snø.
Forstyrringar i vassysklusen påverkar allereie nærmare tre milliardar menneske som opplever vassmangel, og situasjonen er venta å bli verre med klimaendringar.
Viss det ikkje blir gjort noko, meiner forskarane at over halvparten av matproduksjonen i verda er truga dei neste 25 åra, skriv The Guardian.
Norske elevar på tiande trinn hadde i snitt åtte dagar og sju enkelttimar i fråvær førre skuleår, viser nye tal frå Utdanningsdirektoratet.
Det er éin dag og to timar meir enn skuleåret 2022–2023. Det er òg to dagar og to timar høgare enn før koronapandemien.
– Vi har sett at motivasjonen har sokke hos mange elevar i ungdomsskulen dei siste åra. Fleire mistrivst. Då gjev det meining at fråværet aukar, seier leiar i Elevorganisasjonen Madelen Kloster til VG.
Òg på vidaregåande har fråværet auka kraftig. Kvar sjette elev har meir enn 50 timar fråvær, noko som er dobbelt så mykje som før pandemien.
Både på vidaregåande og ungdomsskulen er det jentene som har høgast fråvær.
Verdas helseorganisasjon (WHO) har godkjent ein vaksine mot m-koppar for unge mellom 12 og 17 år, melder nyheitsbyrået Reuters.
M-koppar har råka Kongo og andre afrikanske land hardt i fleire omgangar. I august erklærte WHO utbrotet for ei global helsekrise.
Vaksinen er allereie godkjent av WHO for vaksinering av vaksne. Vaksinen består av to dosar som skal setjast med fire vekers mellomrom, og vert rekna som 82 prosent effektiv.
Les meir i denne saka: WHO godkjenner «mpox»-vaksine for unge – endrar ikkje norske råd