Høgsterett: Utestenging av student for sjølvplagiat var ugyldig

Avgjerda om å stengje ute ein student for sjølvplagiat ved Høgskolen i Innlandet i 2021 var ugyldig, fastslår Høgsterett.

NPK-NTB
Publisert

– Høgsterett uttaler at studenten objektivt sett handla i strid med forskrifta som den gongen gjaldt for eksamenssvar. Handlinga kan likevel ikkje reknast som fusk fordi den skjulte gjenbruken i dette tilfellet ikkje var rettsstridig, skriv Høgsterett i ei pressemelding.

Studenten tok hausten 2021 ny eksamen i eit emne ho tidlegare hadde stroke i, og i samband med sensuren vart det gjennomført plagiatkontroll. Her vart det avdekt tekstlikskap med svaret ho tidlegare hadde levert.

Studenten hadde gjenbrukt to avsnitt frå det tidlegare svaret sitt utan at dette var oppgitt som kjelde.

Ho fekk eksamen annullert og vart utestengd i to semester. Vidare vart ho fråteken retten til å gå opp til eksamen ved alle universitet og høgskular i to semester.

Studenten oppnådde ikkje dobbel utteljing for same faginnhald, ifølgje Høgsterett. Når teksten som blir gjenbrukt, stammar frå eit underkjent eksamenssvar, slår ikkje grunngivinga for forbodet til.

Lova og forskrifta er sidan svaret også endra. Høgsterett har også lagt ei viss vekt på dette.

Studenten tapte først saka mot Kunnskapsdepartementet i Oslo tingrett, men vart frikjend av Borgarting lagmannsrett.