Elevorganisasjonen er ikkje overraska over fråværsauke

Leiar i Elevorganisasjonen peikar på lågare trivsel blant elevane som ein hovudgrunn til fråværsauken.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Norske elevar på tiande trinn hadde i snitt åtte dagar og sju enkelltimar i fråvær førre skuleår, viser nye tal frå Utdanningsdirektoratet.

Det er éin dag og to timar meir enn skuleåret 2022-2023. Det er òg to dagar og to timar høgare enn før koronapandemien.

– Fleire mistrivst

Leiar i Elevorganisasjonen Madelen Kloster seier til VG at ho ikkje er spesielt overraska over auken i fråværet.

– Me har sett at motivasjonen har søkke hos mange elevar i ungdomsskulen dei siste åra. Fleire mistrivst. Då gjev det meining at fråværet aukar, seier ho til avisa.

Ifølgje Utdanningsdirektoratet peikar tilsette på nye vanar etter pandemien, manglande grensesetting frå foreldre og mental helse og einsemd, som nokre faktorar som påverkar fråværet.

Ifølgje Ungdataundersøkinga 2024 går trivselen i norske skular nedover. I tillegg har talet på ungdomsskuleelevar som svarar at dei har skulka auka etter pandemien.

Òg i andre samanliknbare land har skulefråværet auka etter pandemien.

Elevane i Finnmark, Vestfold og Østfold har flest fråværsdagar.

Færrast fråværsdagar har elevane i Rogaland.

Udir: – Veldig alvorleg.

Òg på vidaregåande har fråværet auka kraftig. Kvar sjette elev har meir enn 50 timar fråvær, noko som er dobbelt så mykje som før pandemien.

Både på vidaregåande og ungdomsskulen er det jentene som har høgast fråvær.

– Vi vurderer dette som veldig alvorleg. Vi har fått ei dobling blant dei som har aller høgast fråvær, samanlikna med før pandemien, seier Udir-direktør Morten Anstorp Rosenkvist til NRK.