Stadig fleire mindreårige køyrer ulovleg

Talet på siktingar mot mindreårige for biltjuveri, ruspåverka køyring og ulovleg fart har auka dei siste åra.

NPK-NTB
Publisert

– Viss mindreårige, eller andre utan førarkort eller kompetanse, tjuvlåner ein bil, så er det eit stort skadepotensial i det. Det går fort gale, seier Knut Smedsrud, sjef for utrykkingspolitiet i Noreg, til NRK.

Ifølgje tal frå SSB har talet på siktingar av mindreårige for biltjuveri auka frå 68 i 2020 til 113 i fjor. For ruspåverka køyring har talet auka frå 105 til 123 i same periode, medan siktingar for ulovleg fart har stige frå 126 til 186.

Smedsrud meiner at mange mindreårige er spenningssøkjande også kan vere motiverte av å tøffe seg for venner. Han seier at foreldra har eit særleg ansvar for å førebyggje.

Tidlegare denne månaden vart fem 16 år gamle gutar alvorleg skadde, ein av dei kritisk, då ein bil køyrde inn i sperring i ei rundkøyring i Fredrikstad. Ein av 16-åringane køyrde bilen.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) seier til NRK at det er fleire ting som kan gjerast for å førebyggje ulykker, inkludert kontrollar, god føraropplæring og kampanjar mot dei mest utsette gruppene.