Forfattardebutant Marie Kinge meiner god litteratur får lesaren til å gløyma seg sjølv, eller hugsa kven ein er.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Det blir mykje samtidslitteratur av norske forfattarar, mykje som er close to home, skal ikkje ljuga! Det går mykje i fødsel og død og relasjonar. Der kan eg alltids bli betre og tek gjerne i mot tips.

Det skriv Marie Kinge i ein e-post til Framtida.no.

Marie Kinge

Alder: 32 år

Frå: St. Hanshaugen i Oslo

Utdanning: Sosiolog

Yrke: Journalist/produsent

Far-dotter-roman

32-åringen frå Oslo debuterte nyleg med romanen Du lurer ikke meg, som handlar om eit far-dotter-forhold. Romanen der Kinge skriv tett opp mot eigne erfaringar fekk terningkast fem av NRKs bokmeldar.

Kinge har fortalt til Aftenposten om å mista far sin til sjølvmord då ho var 25 år gamal. Han forma borna sine med å lesa for dei.

– Eg hadde ein historieinteressert far som las mykje for oss, og som dreit litt i målgruppa si, så det var mykje frå Snorresoga og bøker om gresk mytologi. Og heldigvis også mykje Asbjørnsen og Moe og Astrid Lindgren, minnest Kinge.

Mammaperm

Kinge les kor som helst, berre ikkje på bussen. Då vert ho svimmel.

– Kor mange bøker les du årleg?

– Tja, med lydbøker er det sikkert vanlegvis rundt 15, (ikkje medrekna Stephen Fry som les Harry Potter, som kjærasten min og eg høyrer igjen og igjen og igjen). Men no som eg har ein baby å bruka tida mi på er det langt færre. Har kanskje lese halvanna bok sidan han vart fødd.

Kinge er utdanna sosiolog, og fann tidleg vegen inn i mediebransjen. Allereie som 18-åring fekk ho jobb i NRK-programmet Trekant, og i dag har ho permisjon frå jobben som produsent og journalist i produksjonsselskapet Klynge.

– Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Barndom; Ungdom; Gift av Tove Ditlevsen (eg har nyleg oppdaga ho, og gler meg til å lesa ho ferdig, men det tek tid fordi ho er så bra at eg byrjar å tenkja på eigne prosjekt med ein gong og ta notat på mobilen og så får eg ikkje sova, for då er hovudet i gang).

The Dirt og Papillon

– Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Eg anar ikkje om ho er undervurdert, men om du ikkje har høyrt den heilrå lydbokversjonen av The Dirt så vil eg tilrå det. Der får du mellom anna sogene om då Nikki Sixx vakna frå dei daude og då Ozzy Osbourne snorta maur.

The Dirt fortel historia om rockebandet Mötley Crüe, som her er fotografert i Sverige i 2012. Foto: Bjornsphoto (CC BY 3.0)

– Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Papillon av Henry Cherrière. Var forelska i/ville vera like standhaftig og eventyrlysten som Papillon sjølv. Og så hugsar eg at Tusen strålende soler av Khaled Hosseini gjorde sterkt inntrykk.

– Kva bok skulle du ynskja du hadde skrive?

– Ok, her skal eg prøva å ikkje tenkja for mykje. Kanskje Snorres Kongesoger (i så tilfelle Maries Kongesoger)? Så kunne eg reist rundt i vikingtida og fått historiene om dei norrøne gudane og kongane (og dronningane?). Det hadde vore eit feministisk framsteg òg det.

Klisjébalansen

For Kinge er ei god bok ei ho forsvinn i. Som gjer at ho gløymer seg sjølv, eller kjenner seg att og «hugsar kven ho er».

– Det fordrar ofte eit godt språk, ei fengjande historie og karakterar eg blir nysgjerrig på. Dei beste synest eg balanserer heilt på grensa til det klisjéaktige utan at det bikkar over – dét er verkeleg ein kunst.

– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Hm. Ein kjenner seg vel igjen i aspekt ved dei aller fleste? Det er det som er så fint. Men eg hugsar at då eg las Jeg nekter å tenke av Lotta Elstad, så tenkte eg at ho skriv sånn som ein tenkjer.

Fantastiske Vigdis

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Kan eg invitera Tove Ditlevsen og Vigdis Hjorth og sitja og sjå på dei prata saman? (Eg ville nok vorte litt stum av ærefrykt og rein begeistring).

– Om du berre skulle lesa bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Fy fader for eit spørsmål! Pass? Eller eg seier Vigdis Hjorth fordi ho skriv fantastisk og er nolevande og forhåpentleg skal skriva mange fleire bøker, og fordi ho også har skrive barne- og ungdomsbøker, (eg lærte å lesa seint, men ikkje så seint at eg var smart nok til at Leve posthornet kunne vore mi første bok).

Marie Kinge ser føre seg skodespelar Flo Fagerli som dottera og skodespelarveteran Sven Nordin som faren. Foto: Helge Brekke og Sondre Nodland

Flo og Sven

–  Boka di vert filmatisert – kven speler hovudrolla?

– Sven Nordin og Flo Fagerli? Det hadde vore sjukt stilig.