Ung-rapport: Halvparten er pessimistar og bekymra for økonomi og eigen kropp

Økonomi, eigen kropp og livsstil er øvst på lista over det som bekymrar flest unge i dag, ifølgje Opinion. Berre 12 prosent ser lyst på framtida.

NPK-NTB-Mette Estep
Publisert

– Uroa og uvissa både i Noreg og i verda påverkar dei unge. Vi ser tendensar til ei forsliten framtidstru. Over halvparten av dei unge blir klassifiserte som pessimistar. Men det er viktig å påpeike at dette ikkje betyr at dei unge sit heime og er deprimerte. Fleirtalet er stort sett ganske fornøgde med livet slik det er i dag, men dei uroar seg for framtida og kva ho vil føre med seg, seier rådgivar Maria Rosness i Opinion i ein e-post til NTB.

På forbrukarkonferansen «Forbrukerrådet UNG: Lett å bli lurt?» presenterer ho tysdag ferske tal for trendar blant unge frå den kommande rapporten UNG2025. Dette er ein årleg studie av utviklingstrekk hos norsk ungdom i alderen 15 til 25 år.

Blant dei unge er det no 12 prosent som er positive, 37 som er ganske nøytrale, medan heile 51 prosent er pessimistar med tanke på det som ligg i vente.

Bekymring påverkar val

Generelt er det 65 prosent som bekymrar seg for auka prisar på alt frå straum, varer og tenester, og 56 prosent er direkte bekymra for eigen økonomi. 56 prosent er dessutan bekymra for livsstilen sin, inkludert kosthald, fysisk form og søvnproblem.

– Dei tek medvitne økonomiske val i dag og også for framtida. I ein ung alder startar dei å spare til bustad og i aksjefond, og dei bruker appar, fordelsprogram og høyrer på podkastar om korleis ein kan bruke pengane smart. Det er ein medviten generasjon som ønskjer å ta kloke val for å sikre seg ei god framtid, seier Rosness.

Meir enn sju av ti har til dømes eit mål om å eige eigen bustad i framtida.

Ser etter råd og løysingar

I jakta på gode val seier sju av ti at dei bruker nettsider med prissamanlikningar når dei ser etter den beste prisen på det dei vil kjøpe. I tillegg bruker fire av ti appar eller profilar i sosiale medium for å få tips om økonomi, sparing og korleis få meir ut av pengane.

Særleg jenter er dessutan opptekne av å følgje med på råd og testing av produkt på appar og sosiale medium.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp), som har ansvaret for forbrukarpolitikken i regjeringa, forbrukardirektør Inger Lise Blyverket og Rosness i Opinion er blant dei som deltek på konferansen. Ungdomspartileiarar frå AUF, Unge Høgre, FpU og SU deltek i fleire debattar.