Overlegar skeptiske til hurtigtestar for klamydia

Smitten av kjønnssjukdommar aukar blant tenåringar, og mange kjøper hurtigtestar på nett eller i butikk. Fleire overlegar er kritiske til desse testane.

NPK-NTB
Publisert

– Det finst ei rekke useriøse aktørar som sel hurtigtestar for kjønnssjukdommar på nett. Desse er ikkje godkjende eller sikre i bruk, seier overlege Anne Olaug Olsen ved Seksjon for luft, blod og seksuell smitte ved Folkehelseinstituttet (FHI) til VG.

Klamydia er den mest utbreidde kjønnssjukdommen i Noreg, med 28 000 smitta årleg. Spreiinga av gonoré har også auka kraftig dei siste par åra, skriv avisa. Samtidig viser tala at stadig fleire testar seg for desse kjønnssjukdommane.

Det finst fleire heimetestar der ein sender inn testane for kontroll, men det er ikkje desse Olsen først og fremst er skeptisk til. Det er hurtigtestane som lovar svar på få minutt, som er problemet.

– Hurtigtestar for klamydia er ikkje til å stole på fordi dei kan gi falskt negativt svar. Det gir falsk tryggleik og er bortkasta pengar, seier ho.

Ho får støtte frå overlege Åse Haugstvedt ved Olafiaklinikken, som gir råd ved, testar for og behandlar seksuelt overførbare infeksjonar.

– Får ein eit positivt svar på ein hurtigtest, må ein uansett til lege for ny test og behandling. Dersom personen har plager, bør vedkommande heller oppsøkje lege raskt for å forhindre komplikasjonar eller avdekkje ein alvorleg sjukdom, seier ho.