Misnøgde med arbeidsvilkåra til sexarbeidarar

Aktivistar i PION ynskjer at sexarbeidarar skal bli likestilte med andre arbeidsfolk.

Magnus Rotevatn, Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Denne saka er ein del av artikkelserien «Framtidas arbeidsliv», som er støtta av Fritt Ord.

– Me sit igjen med meir skatt for færre sosiale tenester, seier «Alma Adore». Ho er strippar, domina og onlyfans-kreatør. «Alma Adore» er kunstnarnamnet hennar.

Framtida.no møter Alma saman med Lilith Staalesen og Andrés Lekanger. Dei er alle engasjert i organisasjonen PION, som arbeider for å betra vilkåra for sexarbeidarar. Både Staalesen og Lekanger har erfaring med sexsal.

Dei fortel at sjølv om det er lovleg å selja sex, så opplever dei at det er lagt opp til at det skal vera nær umogleg å jobba med.

– Det er nesten som det blir forventa at sexarbeid er det ingen som vil jobba med, seier Staalesen.

Vanskeleg å selja sex på ein lovleg måte

PION-aktivistane er særs kritiske til sexkjøpsloven og hallikparagrafen. Dei meiner at desse gjer kvardagen til sexarbeidarar verre.

– Hallikparagrafen, fordi det er ulovleg å fremja andre sin prostitusjon, gjer det umogleg for oss å jobba saman eller ha ein fast arbeidsplass, seier Staalesen.

Portrett av ein mann

Andrés Lekanger. Foto: Privat

– Sexarbeidarar som jobbar med andre har betre helse og tryggleik, men det er jo ulovleg, fortel Lekanger.

Staalesen og Lekanger fortel også at det på grunn av den såkalla hallikparagrafen er vanskeleg for sexarbeidarar å få tenester frå andre.

– Ein kan til dømes ikkje få ein revisor, fordi revisorane er redde for å bli sett på som hallikar, seier Lekanger.

Sexarbeidarar kan også slita med å få banktenester og juridisk rådgjeving.

– Hallikparagrafen seier ikkje eitt ord om utnytting, det er ikkje utnytting han er til for å beskytta oss mot, det er samfunnet som skal bli beskytta mot sexarbeidarar, meiner Lekanger.

– Lovverket er lagt opp sånn at det teknisk sett er lovleg å selja sex, men det finst ikkje noko god lovleg måte å gjera det på, konkluderer Staalesen.

Ynskjer endring

Ifylgje Lilith Staalesen fører sexkjøpsloven til ein vanskelegare relasjon med kunden. Sexkjøpsloven forbyr kjøp, men ikkje sal av seksuelle tenester.

– Me blir nøydde til å sikra kunden sin tryggleik før vår eigen, i tillegg så er det færre kundar som ynskjer å kjøpa sex, og dei kundane som blir igjen får difor meir forhandlingsmakt.

PION-representantane ynskjer endringar sånn at det skal vera mogleg å tilby seksuelle tenester på ein trygg og ordentleg måte.

Dei meiner at me treng ei lov som regulerer sexarbeid likt som anna arbeid.

– Ville aldri vore akseptert på ein vanleg arbeidsplass

«Alma Adore» har sjølv teke grep for å skapa noko av endringa ho ynskjer seg. Etter å ha vore misfornøgd med useriøsitet i bransjen, grunnla ho strippe-byrået Seduction.

– Målet vårt er å bli eit AS, sånn at me for fyrste gong kan gje stripparar fast tilsetjing.

Alma fortel at lovbrot og uryddige forhold er utbreidd i bransjen.

– Det er frykteleg mange ting på ein strippeklubb som aldri ville vore akseptert på ein vanleg arbeidsplass.

Ho meiner til dømes at det er nær umogleg for stripparar å kunna få fast tilsetjing på dei norske strippeklubbane.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Alma Adore Backup (@alma.adore.backup)

Framtida.no har kontakta Justisdepartementet for å få svar på om det er aktuelt å fjerna den delen av straffelova som ofte vert omtala som sexkjøpslova og hallikparagrafen.

Statssekretær Hans-Petter Aasen (Sp) svarar på e-post via kommunikasjonsavdelinga:

– For Senterpartiet og Arbeidarpartiet i regjering er det ikkje aktuelt å endra sexkjøpslova og hallikforbodet.

Han viser til at Frankrike i 2016 innførte eit forbod mot kjøp av sex for å hindra vald og utnytting av kvinner, etter modell frå det norske forbodet.

Sexarbeidarar i Frankrike tok saka til høgsterett. I 2019 kom dommen der dei ikkje fekk medhald i at forbodet mellom anna krenkte retten deira til privatliv.

Heller ikkje i Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg fekk dei medhald i at forbodet mot sexkjøp strir mot menneskerettane, ifølgje Rett24.

I dommen som fall i sommar vart statane likevel minte på at dei har ei plikt til å vurdera eventuelle negative konsekvensar av slike forbod.

Fryktar menneskehandel

– Då kjøp av seksuelle tenester frå vaksne var kriminalisert var hovudgrunngjevinga eit ønske om å førebygga menneskehandel. Ein la også til grunn at det var ønskeleg å redusera etterspurnaden og dermed marknaden for prostitusjon. Det finst fleire ulike grunnar til dette synet, mellom anna at det kan vera skadeleg fysisk og psykisk, og at verksemda ofte er knytt til ulike former for kriminell aktivitet, skriv Justisdepartementet.

Aasen viser til at politiet dei siste åra har aksjonert mot hallikar og menneskehandlarar, og at det er etablert hjelpetiltak for personar som ønskjer å kome seg ut av prostitusjon.

– Det er viktig at seljarane melder frå om vald dei blir utsette for av kundar og bakmenn. Slike saker blir etterforska av politiet, men det er uheldig at mange seljarar vegrar seg for å ta kontakt. Det herskar nokre misforståingar om konsekvensane av å melde frå.