Annika Momrak kjem frå Bø i Telemark – no vil ho lære seg dialekta

Når unge folk flyttar frå bygda til byen, legg dei ofte frå seg dialekta frå heimstaden. NRK-profilen Annika Momrak går motsett veg.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg var litt redd for at folk skulle bli sure, fordi eg snakkar feil og ikkje veldig breitt, men folk heiar veldig på at ein prøver.

Det seier Annika Momrak (25) på telefon med Framtida. NRK-profilen er eit kjent fjes for mange, både frå 4ETG og som programleiar for P3 Gull, Norske Beefer, Vettskremt, og skal i haust vere den nye «Dama til» forskjellige norske kjendisar.

Samstundes har ho sett seg eit personleg prosjekt: Ho vil lære seg å snakke Bø-dialekt, eller bøhering, skikkeleg.

Har snakka som mamma

For ordens skuld: Momrak har ikkje slått heilt over når Framtida får ho på telefonen. Ho snakkar framleis bokmålsnært, og er bøhæring under opplæring.

25-åringen er opphaveleg frå Bø i Telemark, men har aldri snakka dialekta. Mora er innflyttar, medan faren er frå Bø, og ho har snakka som mora.

Bø er ei lita bygd i Telemark med rundt 6000 innbyggjarar, og er kjend for vassparken «Bø Sommarland» og som rånarhovudstad i NRK-serien «Rådebank».

Ho fortel at Bø generelt har mykje innflytting, og at dialekta blir meir og meir utvaska. Sjølv om ho hadde familie og venar rundt seg som snakka dialekta, var det ikkje kult å snakke det på skulen.

– Eg har alltid søkt meg ut av bygda og mot byen. Det er no når eg er eldre at eg har kjent på det å finne tilbake til røtene mine.

 

@annikamomrak Bring back dialekt or not? Hva ville dere gjort? Har ikkje bestemt meg ennå. Må øve litt mer i så fall 😌 #Bø ♬ original sound – Annika Momrak

Etter å ha flytta til Oslo merka ho at ho snakka veldig likt dei som er frå byen. Samstundes har ho eit behov for å markere at ho har med seg heimstaden sin.

– Det ligg veldig mykje identitet i dialekt, og eg har lyst til å vise at eg er frå ei lita bygd med hardingfele, telemarksbunad og folkemusikk.

Manglar ressursar

I etterkant skulle ho ynskje ho hadde meir insentiv til å byrje å bruke dialekta då ho var yngre. Ho har eit par kusiner som la om til Bø-dialekt på ungdomsskulen. I tillegg fekk ei veninne eit tilbod om 500 kroner for å legge om, noko ho ikkje enda opp med å gjere.

Momrak fekk ikkje det tilbodet, og no må ho finne ut korleis å lære dialekta medan ho bur i Oslo.

– Det er jo litt utfordrande, eg har nesten ingen med Bø-dialekt rundt meg i Oslo. Men eg er overraska over kor mykje eg har inni meg!

Annika Momrak med kjærasten Sindre Reinholt. Sjølvsagt i telemarksbunad begge to. | Foto: Privat

Ho er tidleg i prosjektet sitt. Førebels er det å prøve seg fram heime, i nokre TikTok-videoar og å blande inn dialekt når ho snakkar med kjærasten.

Også har ho eit triks:

– Eg prøver å sjå for meg folk eg kjenner frå Bø. Korleis ville Simen sagt denne setninga, høyrest det rart ut, ville han sagt det slik?

Simen Bakkåker er ein barndomsven frå Bø, som saman med Annika var med i bandet Unik 4, kjent frå MGPjr i 2013. Dei deltok sjølvsagt med det typiske Bø-instrumentet hardingfele som ein sentral del av vinnarsongen.

Musikk er også ein del av triksa til Momrak for få grep om dialekta. Ho er ikkje framand for å setje på musikken til Bø-bandet Ni Liv for inspirasjon.

Seier noko om landet vårt

Likevel, det er ikkje enkelt.

– Eg skulle ønske det fanst fleire ressursar for sånne som meg.

Momrak har starta ei jakt etter ei digital ordbok som ho veit Bø Mållag samla saman for nokre år sidan, men som ikkje lenger ligg ute på nett. Dei særeigne orda og uttrykka er noko av det ho synest er mest interessant med dialekter.

Alt frå spørjeorda «håkken, hått, hårr?» til dei som er meir spesifikke, som «fivril» (sommarfugl) og «kjassen» (dårleg, som i dårleg form eller dårleg vêr).

 

@annikamomrak Svarer @Stina.Lier.Andersen ♬ original sound – Annika Momrak

Då ho delte nokre av favorittomgrepa sine, fekk ho også høyre om andre som har liknande omgrep på si dialekt, til dømes «fubellføre» (når føret er så glatt at du dett på rumpeballane).

– Det ordet finst i ulike variantar, som viser kvifor vi må ta vare på dialekter. At vi har eit ord for det seier noko om landet vårt.

Viktig med språklege føredøme

Sebastian Vincent Natvik, leiar i Norsk Målungdom, heiar på prosjektet.

– Eg synest jo det er utruleg inspirerande. Det seier eg ikkje berre som målungdom, men også som stril med utvaska dialekt frå alle kantar.

Natvik flytta frå Alver til Bergen for å gå på skule, og har sjølv tenkt at han burde rydde opp i dialekta si, som no er meir bergensk. At kjendisar kan vere dialektføredøme meiner han er viktig.

Sebastian Vinsent Natvik (20) frå Alver er leiar Norsk Målungdom. Han har sjølv utvatna dialekt. | Foto: Maren Braut/Norsk Målungdom.

– Ein skal jo ikkje utruleg langt tilbake i tid før det å bruke dialekt på tv og radio var tabu, og det har vore veldig vanleg for kjendisar å legge om tidleg for å nå meir fram, seier han, og nemner komikar Kevin Vågenes, som også er frå Alver, som eit eksempel.

Natvik seier at det er ein av grunnane til at målungdommen deler ut Dialektprisen til profilar som er gode språklege føredøme for ungdom. Dei har nominasjonsrunde no, og han røper at Momrak sitt namn har kome opp eit par gongar allereie.

Om NRK-profilen verkeleg vil få inn Bø-dialekta har målungdomsleiaren eit tips:

– Det neste naturlege steget er å byte til nynorsk.

Natvik legg til at Bø-dialekta, som mange tradisjonelle telemarksdialekter, er nynorsknær, og at det er eit nyttig verktøy å få samsvar mellom det ein snakkar og skriv.

Ein heilt podkast med Bø-dialekt

Momrak har ikkje kome så langt med prosjektet sitt enno, men seier ho allereie har merka at det engasjerer unge.

– Eg tenkte kanskje at unge folk i Noreg ikkje synest dialekt er så kult, men frå responsen eg har fått er mange veldig glad i og interessert i dialekt. Fleire opplever også at dei har ei forsømt dialekt.

 

@annikamomrak Svarer @nora ♬ original sound – Annika Momrak

Ho har kome i prat med folk som vil starte sine eigne prosjekt på grunn av hennar initiativ.

– Det synest eg er kjempekult og heiar veldig på.

Sjølv om ho kunne tenkt seg å legge heilt om, er ho usikker på om ho får det til. På lang sikt vil ho kanskje bruke det i jobbsamanheng på radio eller TV, og der har ho eit heilt konkret mål:

– Kanskje neste gong eg er gjest i ein podkast skal eg prøve å ha ein heil episode med Bø-dialekt.


Kan du Bø-dialekta? Test deg sjølv!

Annika Momrak pratar ikkje rein Bø-dialekt heilt enno, men ho gjer eit forsøk. Illustrasjon med tekst frå Framtida. Foto: BAFF/Even Eileraas