Gaute Skjervø blir innstilt som ny AUF-leiar

AUFs valkomité ønskjer at nestleiaren i ungdomspartiet tek over stafettpinnen frå dagens leiar, Astrid Hoem.

NPK-NTB
Publisert

– Eg er sjølvsagt veldig glad for denne tilliten og er rastlaus etter å komme i gang med jobben for å sikre valsiger neste haust, seier Gaute Skjervø i ei pressemelding.

29-åringen frå Levanger sit som varerepresentant for Nord-Trøndelag på Stortinget og har vore nestleiar i AUF sidan 2020. Han blir foreslått som ny leiar i perioden 2024 til 2026.

Skjervø seier han er full av sjølvtillit på vegner av sosialdemokratiet.

– I den tida vi går inn i, trengst ei motvekt til høgrekreftene, og eg er toppmotivert til å leie eit slagkraftig AUF.

AUFs valkomité foreslår Nimrah Ramzan frå Akershus som nestleiar og at Halvor Endrerud frå Oppland held fram som generalsekretær. Forslaget er einstemmig, opplyser AUF i pressemeldinga.

Valet av ny leiing og sentralstyremedlemmer skjer på landsmøtet i ungdomspartiet 20. oktober.