Ho får skamlausprisen: – Avgjerande for rettane til transpersonar

Ingun Wik, leiar ved Helsestasjon for kjønn og sekualitet (HKS) i Oslo, får årets skamlauspris frå Sex og samfunn.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Det kunngjorde stiftinga Sex og samfunn fredag.

Ingun Wik er leiar ved Helsestasjon for kjønn og sekualitet (HKS) i Oslo, som mellom anna tilbyr eit lågterskeltilbod for kjønnsstadfestande støtte og behandling.

Juryen trekker fram at Wik har vore ei avgjerande røyst for rettane til transpersonar. Dei slår fast at ho er trygg og uredd, og går i front for dei som ikkje alltid kan eller torer å gjere det sjølv.

Les heile grunngjevinga til juryen

Juryen til Skamløsprisen 2024 mener Ingun Wik gjennom sitt arbeid har vært en avgjørende stemme når det gjelder å løfte transpersoners rettigheter. Hun har valgt å fortelle deres historier og hun går i front for de som ikke alltid kan eller tør å gjøre det selv. Dette gjør hun på en trygg og uredd måte, og juryen er glade for å kunne bidra til å anerkjenne hennes utrettelige arbeid på feltet. Vi gratulerer!

Sex og samfunn deler ut Skamlausprisen for å sørge for at ulike sider ved seksualitet vert sleppte fram i lyset. Dei vonar prisen skal bidra til å fjerne skam. Kanditatane vert vurderte opp mot følgande kriterium:

  • Har skapt debatt og auka medvit gjennom formidling av kunnskap om seksualitet
  • Har bidrege til å fjerne fordommar og skam kring seksualitet
  • Er eit godt førebilete
  • Har nådd ut breitt i arbeidet sitt, både sosialt og geografisk.

Dei andre finalistane til prisen var Cathrine Frost, Ahmed Umar, Hallgeir Buset, Luca Dalen Espseth og Martha Leivestad.

Det er folket som nominerer kandidatane, som deretter vert vurderte av ein jury. I år har juryen bestått av Else Kåss Furuseth, fjorårets vinnar Morten Marius Skau, Frida Marie Grande, Knut Olav Åmås, Ingrid Thunem og Mansoor Hussain.