Frp vil la 15-åringar jobbe om natta

Framstegspartiet meiner delar av arbeidsmiljølova er altfor rigid i møte med arbeidslystne ungdommar.

NPK-NTB
Publisert

Frp vil endre arbeidsmiljølova slik at dei som er 15 år og oppover skal kunne jobbe til seint på kveld om dei ønskjer det.

– Eg synest det er fantastisk flott, eg, at 17-åringar ønskjer å jobbe på kvelden. Det er eit mykje større problem at over 100 000 unge mellom 20 og 30 år står utanfor arbeidslivet, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug til NRK.

LO er ikkje samd med Listhaug, seier Sindre Hornnes som mellom anna er med i sommarpatruljen til organisasjonen.

– Vi ser jo at belastninga for mange er veldig stor. Det må derfor vere grenser for kor mykje ein kan jobbe og kor seint ein kan jobbe. Når det arbeidsmiljølova er basert på viser at dette er helseskadeleg, så trur vi det er lurt at dei yngste er skjerma, seier Hornnes.

Eigaren av ein kebab-restaurant på Notodden vart denne veka dømd til å betale 20 000 kroner i bot for å ha late to 17-åringar jobbe etter klokka 21 og utover natta i 2022.