LO sin sommarpatrulje: – Det viktigaste er å drive informasjonsarbeid

LO sin sommarpatrulje besøker unge i sommarjobb og gir rettsinformasjon og høyrer korleis dei unge har det i jobben sin. Ronja og Julie trivst godt i jobben på frisørsalong, men var ikkje klar over at lønsslippane burde sjekkast nøye.

Signe Gjeraker
Publisert

Dunia Zeinalzadeh og Håkon Magnussen er del av LO sin sommarpatrulje. To veker av sommaren nyttar dei til å gå rundt til ulike arbeidsstadar i Oslo og Akershus. Her pratar dei med unge i arbeid om korleis dei har det på arbeidsstaden, og om dei er klar over kva rettar og plikter dei har.

– Den kanskje viktigaste delen av besøka er å drive informasjonsarbeid, seier Zeinalzadeh.

Både Zeinalzadeh og Magnussen arbeider som utsendingar for sommarpatruljen for tredje året på rad, og synest begge at det er givande arbeid.

Dunia Zeinalzadeh og Henrik Magnussen frå LO sin sommarpatrulje. | Foto: Signe Gjeraker

I løpet av ei veke var sommarpatruljen i Oslo og Akershus på totalt 510 besøk. LO dekkjer eit breitt spekter av arbeidsstadar, og dette søker dei å spegle i dei stadene dei oppsøkjer. Dei har mellom anna vore i fengsel, på Stortinget, på Gardermoen og i dag er dei hos ein frisørsalong på Tåsen i Oslo.

Hugs dette før du startar i jobb!

Sommarpatruljen samanfattar fem punkt ein må hugse på før ein startar i ein ny jobb:

1. Sjekk at du har kontrakt.

2.  Du må vite kvar, når og kor mykje du skal arbeide.

3. Du må vite kor mykje overtidsbetaing du har krav på.

4. Du har krav på pause. Jobbar du 5,5 time eller meir, har du krav på pause. Jobbar du 8 timar eller meir, har du krav på ein halvtime pause.

5. Bli fagorganisert!

Er alt som det skal?

På frisørsalongen Ami Hår og Hud, helser LO-patruljen på to unge arbeidarar. Ronja Regine Bjørne (20) er lærling ved frisørsalongen, medan Julia Larsen (18) er tilsett på deltid som ryddehjelp. Salong-arbeidarane vert fortalt kva sommarpatruljen gjer og kvifor dei er der. Vidare vert dei stilt ei rekkje spørsmål om forhold som knyter seg til arbeidsplassen.

Har dei tariffavtale som dei følgjer? Har dei fått opplæring slik at dei kjenner seg trygge i arbeidet? Veit dei kven som er verneombod? Veit dei kva eit verneombod er? Arbeider dei overtid? Kva løn får dei? Sjekkar dei at lønsslippen er korrekt?

Det er ikkje alt dei to unge tilsette på frisørsalongen har kontroll på. Zeinalzadeh forklarer kva eit verneombod er, og Magnussen seier at det er meir enn berre løna di som skal gå fram av lønsslippen din. Mellom anna skal du òg kunne sjå kor mykje skatt du er trekt. Dei vert spurde om dei er medlem i ein fagorganisasjon, noko Ronja er, og begge takkar ja til meir informasjon om LO.

Henrik Magnussen og Ronja Regine Bjørne pratar saman om forholda på Bjørne sin arbeidsplass. | Foto: Signe Gjeraker

Fint tiltak

Etter samtalen med sommarpatruljen synest både Larsen og Bjørne at det var fint med besøk.

Lærte de noko? 

– Eg lærte at eg kanskje må begynne å sjekke lønsslippen min betre, seier Bjørne. Larsen nikkar samd.

Tillitsvald ved frisørsalongen, Kaja Gaarder, fortel at det er fyrste gongen frisørsalongen har fått besøk av LO sin sommarpatrulje.

– Det er eit kjempefint tiltak, seier ho.

– Særleg fordi unge gjerne ikkje lærer så mykje i skulen eller andre stadar om kva rettar og plikter dei har i arbeidslivet, og kva dei må passe på.

Ho fortel at ho mellom anna aldri har fått spørsmål frå ein ung arbeidstakar om dei er underlagt tariffavtale.

Godt arbeidsliv, men noko snusk

Zeinalzadeh og Magnussen fann ikkje nokre sjokkerande forhold ved arbeidsstaden.

Generelt ser dei gjennom besøka sine at arbeidslivet i Noreg er veldig godt. Men noko snusk går att. Mange veit ikkje kva eit verneombod er, og heller ikkje kven som er verneombod på jobben sin. Og dei seinaste åra har kameraovervaking på arbeidsplassen blitt meir utbreitt på arbeidsplassar. Dersom det er kamera på arbeidsplassen skal ein vite kvar dei er plasserte, kvifor dei vert nytta og når dei blir nytta. Kameraa skal ikkje nyttast for å overvake arbeidarane. Manglande kunnskap om overtid og overtidsbetaling går òg igjen.

– Med aukande tal på unge i arbeid om sommaren er det ekstra viktig å spreie kunnskap om rettar på arbeidsstaden, uttrykkjer dei.

Viktig å vere medlem i fagforeining

I fjor var berre ein av fire av dei som dei besøkte medlem i ei fagforeining. Dunia seier til Framtida.no over e-post at Sommarpatruljen gjerne er det fyrste møtet unge arbeidstakarar har med ei fagforeining.

– At mange er medlem i ei fagforeining er viktig for at det skal vere godt å jobbe i Noreg. At mange er medlem i ei fagforeining er viktig for å oppretthalde den norske modellen og sikre gode vilkår på jobb – både no og i framtida, skriv ho til Framtida.no.

Ho legg til at organisasjonsgraden i Noreg er blant dei høgste i verda, noko dei er glade for.