I dag masjerer 35 organisasjonar for klimaet
Klimamarsjen skal gå føre seg i seks norske byar fredag.
– Klimakrisen er ikkje langt der framme, ho er her og no.
Det skriv Jeanette Romslo, leiar i Fagforbundet Ung i ei pressemelding på e-post.
I dag, fredag, går fleire organisasjonar rundt om i heile Noreg i tog for klimaet.
– Rettferdig omstilling handler om å ha ei berekraftig fremtid, og å ha gode trygge jobbar i den framtida, skriv Romslo.
Det er kampanjen «Grasrota for rettferdig klimahandling» som står bak klimamarsjane.
– Dette er ei vidareføring og utviding av dei historiske skulestreikane. No har vi samla den breiaste bevegelsen for klima i Noreg nokosinne, som saman representerer grasrota, skriv Natur og Ungdom-leiar Gytis Blaževičius i same pressemelding.
– Vi har med oss alt frå fagrørsla, til Redd Barna, til legar og sjukepleiarar, til bønder, til bistandsorganisasjonar.
Klimamarsjen startar på Hamar fredag 30. august klokka 16:30, men blir også arrangert i mange andre norske byar.
Byar med planlagt klimamarsj
- Oslo – Youngstorget, klokka 17:30
- Bergen – Festplassen, klokka 18:00
- Trondheim – Tordenskioldparken, klokka 17:00
- Stavanger – Torget, klokka 18:00
- Hamar – Østre torg, klokka 16:30
- Molde – Storgata 4, klokka 17:00
Natur og Ungdom, Fagforbundet Ung, Kirkens Nødhjelp, Fellesforbundet Ungdom, Greenpeace Norge, og fleire andre organisasjonar står bak initiativet. Til saman er det 35 forskjellige organisasjonar.
At marsjen famnar breitt er ein del av hovudpoenget, skriv arrangørane.
– Det er så viktig at fagrørsla og miljørørsla jobbar saman og står saman for å skape ei grøn, trygg og berekraftig framtid, skriv Romslo, frå Fagforbundet Ung.