… og han synest at Don Martin, Fela og Castro kan spela seg sjølve i ein filmversjon av «Blokk til blokk».

Magnus Rotevatn
Publisert

Andreas K. Iversen er teikneserieskapar og illustratør. På samvitet har han ein heil drøss med teikneseriealbum og barnebøker, og i år har gav han ut ein teikneserie-biografi om motstandsmannen Max Manus.

Iversen er også kjend for å laga bøkene om Edward Rubikon saman Aleksander Kirkwood Brown.

Framtida har snoka i bokhylla hans.

 

Andreas K. Iversen

Alder: 40

Frå: Langesund

Utdanning: Master i film og fjernsynsvitskap ved Høgskolen i Lillehammer

Yrke: Illustratør og teikneserieskapar

Les mykje teikneseriar

– I skrivande stund så er eg på ferie og har med meg Jævla menn av Andrev Walden som ferielektyre. Boka ligg på natt bordet saman med skisseboka mi, fortel Iversen på e-post til Framtida.

Han les teikneseriar i alle moglege sjangrar og er glad i bøker om historie, særleg vikingtida og mellomalderen.

– Eg les mykje teikneseriar. Og mykje som er relevant for prosjekt som eg held på med. Dette er ofte sakprosa, fagbøker og historie. Og så blir det mange barnebøker saman med ungane mine. Eg tippar i alt rundt hundre bøker i året.

– Mamma las mykje bøker for meg, då eg var liten. Den som gjorde størst inntrykk var Skatten på sjørøverøya av Robert Louis Stevenson. Og så elska eg å bla i leksikon og fagbøker med masse bilete.

Då Iversen blei eldre var det særleg teikneseriar som fengja.

– Som tenåring gjekk det mest i teikneserieblad. Fransk-belgiske seriar som Asterix og Sprint, og dessutan humorblad som Tommy og Tigern, Larsons Gale Verden, Mad og Pyton var formative og sterkt medverkande til at eg sjølv byrja å laga teikneseriar.

Vil sjå Blokk til blokk som film

– Kva meiner du kjenneteiknar ei god bok? 

– Viss ei bok klarar å vekkja engasjement, inspirasjon og visuell tenking hjå meg så er det ei god bok. Ein teikneserie er god dersom han får meg til å ynskja å bruka tid i universet sitt.

Andreas K. Iversen står bak teikneserieversjonen av teaterframsyninga «Blokk til blokk».

– Kva karakter forfattar eller teikneserieskapar, daud eller levande, ville du invitert på middag?

– Snorre Sturlason. Eg har MANGE spørsmål!

– Kva av teikneseriane dine vil du helst sjå filmatisert? Kven spelar hovudrolla?

– Blokk til blokk. Don Martin, Fela og Castro kan spela seg sjølve, berre foryngja med CGI.