Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 12.12.2023 14:12

Coveret til boka "De fire store"

I «De fire store» møter me kjentfolk frå den norske litteraturhistoria som actionheltar.
Omslag: Cappelen Damm

– Eg les alt mogeleg. I sommar har eg lese to Kurt Vonnegut-bøker og masse faktabøker. Mi djupt elska kone er bibliotekar og drassar med seg bøker heim for å halde seg oppdatert, og då les eg det som verkar interessant.

– Og så likar eg å gå på loppemarknad og bokmarknad på jakt etter bøker frå samlingar som Århundrets BibliotekVerdens Hellige Skrifter og einskilde klassikarar som eg ikkje får tak i. Til dømes Usynlige byer av Italo Calvino. Den boka har eg leita lenge etter. Me har bøker overalt, skriv Geir Moen på e-post til Framtida.no.

Moen er teikneserieskapar og illustratør. Han står mellom anna bak ein teikneserieversjon av Peer Gynt og har laga actionserien De fire store saman med Øystein Runde.

– Når det gjeld teikneseriar så prøver eg å halda meg oppdatert på det som kollegaane mine held på med. Ingen nemnde, ingen gløymde. Eller … eg må nemna éin: Hvis det ikke brenner av Ronja Berge. Den burde alle lesa.

Har korkje hage, grill eller pølser

– Kva blei lese til deg som liten?

– Mor mi las Donald og barnebøker frå det lokale biblioteket for meg. Eg hugsar ikkje titlane, men det var ei som heitte Agaton Sax, trur eg. Og så var det vel noko Jan Lööf, Ole Brumm og ei bok som handla om ein bjørn som bygde eit hus av ting som dreiv i land på ei lita øy, det var favoritten, men eg kan ikkje hugsa kva den heitte. Bibliotekaren på det lokale biblioteket blei seinare barneskulelæraren min. Og 25. februar 1982 fekk heile klassen fri for å bli med ho opp i leilegheita som låg over skulen og sjå på VM-stafetten. Der såg me Oddvar Brå brekka staven! Berre i tilfelle nokon lurte på det.

Oddvar Brå og Aleksandr Aleksandrovitsj Zavjalov på ski

Den særs spennande VM-stafetten i 1982, då Oddvar Brå brakk staven, enda med at Brå og russaren Aleksandr Zavjalov gjekk samstundes over mål. Førsteplassen og gullet blei delt mellom Noreg og Sovjetunionen.
(Foto: Ukjent/NTB/Nasjonalbiblioteket / CC BY NC ND 4.0)

Sjølv skulle Moen gjerne ha invitert heile teikneserie-miljøet i Noreg på grillfest. Dessverre har han korkje hage eller grill.

– Har ikkje pølser heller. Men tanken er god.

Las dystre, fæle teikneseriar

I tenåra var det teikneseriane til Alan Grant og Simon Bisley som gjorde aller mest inntrykk. Desse ramla Moen over medan han gjekk på vidaregåande.

– Eg las alt eg kom over av John Byrne, Frank Miller, Alan Morre, Mike Mignola og dystre, fæle teikneseriar. Eg hugsar eg las eit intervju med Charles Bukowski i eit musikkmagasin som heitte Beat, så då byrja eg å lesa alt eg kom over av han. I Beat stod det òg ei melding av American Psycho, den las eg òg.

Bøkene til Kurt Vonnegut har òg sett kjenslene til Moen i sving. «Spesielt ‘Galapagos’ og det partiet der ei ku blir heist opp i cruiseskipet som dei skal reisa til Galapagos med. På den boksida gjekk eg gjennom heile registeret av kjensler. Og eg tenkjer på det heile tida. Les den boka!»

Som tenåring las Moen òg teiknserie-magasinet Heavy Metal og alt han kom over av «vaksne» teikneseriar. Italienske Milo Manara og franskmannen Mœbius var blant favorittane.

– Best når teikneseriar får lov å vera teikneseriar

Moen kunne gjerne tenkja seg å sjå sin eigen teiknserie Skinny T som film, og då skulle kollegaen Tore Strand Olsen ha spelt hovudrolla. Han er nemleg amatørskodespelar.

Omslaget til teikneserien Skinny T av Geir Moen

– Når det er sagt, så synest eg at det er best når teikneseriar får lov å vera teikneseriar i fred. Altså, det er gøy å sjå figurane bli levande. Eg likte jo Marvel-filmane heilt til dei blei ræva. Men sjå på stakkars Tintin og Supermann og alle dei greiene der. Unødvendig.

– Kva teikneserieskapar meiner du er undervurdert?

– Veldig mange av dei upubliserte teikneserieskaparane eg har undervist på Einar Granum Kunstfagskole.

Moen meiner ein god teikneserie er kjenneteikna av god flyt, god rytme og god historie.

– Fine teikningar kjem på sisteplass.


Evolusjonsbiolog og forfattar Hanna Nyborg Støstad deler sine beste lesetips. Foto: Kristin Aafløy Opdan. Illustrasjon: Simon Dahle Nyhus

Geir Moen

Alder: 47.

Frå: Agder.

Utdanning: Vidaregåande skule.

Yrke: Illustratør