logo-framtida Nyhende- og debattavisa for unge
MENYLUKK
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema
TIPS OSS
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
TIPS OSS
MAGASINETT

Då eg var 20: Don Martin selde vinyl og lærte seg å like kaffi

Foto: Michael Angeles, privat.

Multikunstnar Don Martin (44) ville bytta til norsk rap med det same, om han var 20 år igjen.

Åshild Slåen
Publisert 20.08.2023 08:08
Oppdatert 29.01.2024 12:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg var i Oslo og dreiv mest med graffiti og musikk. Men det var også eit år kor eg måtte finne ei retning, kor eg braut med ein del gamle ting og måtte finne ut av kor eg ville og korleis eg ville vere.

Martin Ahzami Raknerud (44), betre kjend som «Don Martin», har i over 20 år vore ein nøkkelperson i norsk rap og hiphop. Dei siste åra har han hatt konsertar, skrive teaterforstillingar, og gitt ut teikneserien Blokk til blokk basert på ein av teaterførestillingane på Det Norske Teatret.

Det var ikkje sjølvsagt då han var 20 år.

Don Martin Står framfor ei høg blokk

Don Martin vaks opp på Romsås i Groruddalen. Foto: Michael Angeles

– Eg stod midt mellom fleire stolar og fleire vegar å gå. Og mange konfliktar og ting som skjedde, skriv Don Martin i ein e-post til Framtida.

  • Her kan du lese om fleire spennande 20-åringar her

Beats og Bjørneboe

Året er 1998. Det var krig i Jugoslavia, Bill Clinton presiserte at «I did not have sex with that woman» og rapparen Dr. Dre gjorde comeback.

Samstundes fekk Don Martin seg jobb i ein platebutikk som ein barndomskompis dreiv, på Olaf Ryes plass i Oslo. Der selde han vinylplater med elektronika og hiphop og høyrde på rap.

I 1998 las Don martin Bestialitetens historie av Jens Bjørneboe. Bokomslag: Gyldendal

– Dei fleste dagane jobba eg der med techno-legenda DJ Arildo Dildo, som også er frå Romsås. Og så dreiv eg med graffiti. I lokalet ved sidan av låg det ein deli, eller skal vi kanskje si delikatessesjappe, og dei gutta inne på den sjappa lærte meg å drikke kaffi. Eller lurte meg til å kjøpe masse kaffi, kan ein også seie.

Rap dominerte for Don Martin. Han nemner Nas, Busta Rhymes, The Coup, Lootpack, og ein engelsk rappar, Roots Manuva som sleppte sine første singlar og musikk.

– Det fekk meg til å byrje å produsere beats igjen, som eg ikkje hadde gjort på eit år eller meir, og til å byrje å skrive nye tekstar. Seint det året eg var 20 sleppte Method Man & Redman sitt samarbeidsalbum «Blackout». Det både spilte vi sjukt mykje og selde vi sjukt mange av. Det er framleis eit dritbra album.

I tillegg meiner han å hugse at det var året han las «Bestialitetens historie» av Jens Bjørneboe.

Tenk lengre og byt til norsk

Det sterkaste minnet Don Martin har frå det året er å flyte rundt om kring ute.

– Visste du kva du skulle bli i livet?

– Eg hadde ikkje nokon plan for kva eg skulle bli. Eg var konsentrert på kva eg var der og då og kva eg gjorde.

Han trur likevel han ville hatt sympati dersom han møtte den 20-åringen i dag. Og eit par tips:

– Tenk lengre og ta ting i ditt eige tempo.

– Og kanskje bytt heilt til å rappe på norsk. No med ein gong.


  • Les også Då eg var 20: Zahid Ali hadde mareritt om «hundepøls» etter Forsvaret
En ung Zahid Ali med ski og kvit skidress, en voksen Zahid Ali med kvit skjorte.

Til høgre er bokaktuelle Zahid Ali (46) fotografert. Til venstre er meinig Zahid Ali (20). Foto: Per Heimly/Gyldendal, Privat

  • MAGASINETT
  • Då eg var 20
  • Hip-hop
  • Musikk
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Relaterte saker

Øya-aktuelle Kneecap kritisert for pro-Palestinsk Coachella-show

Då eg var 20: Karoline Andaur brukte pengane på konsertar og backpacking

Då eg var 20: Silje Karine Muotka hadde juksepiercing og studerte juss

Framtida logo

Nyhende- og debattavisa for unge – Framtida.no er ei redaksjonelt uavhengig avis, som har som mål å styrkja nynorsken og bidra til å auka og få fram engasjementet til unge.

Ansvarleg redaktør: Andrea Rygg Nøttveit

Stortorvet 10, 0155 Oslo.

Ved å bruka Framtida.no aksepterer du bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvernpolitikken vår.

  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema

Følg

Tips
Send epost til
tips@framtida.no
eller ring redaktør
Andrea Rygg Nøttveit:
481 40 342

Takk for støtta:

  • logo-fagforbundet
  • logo-abc-startsiden
  • logo-lnk
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir! Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy

Privacy Overview

This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary
Always Enabled
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Non-necessary
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.
SAVE & ACCEPT