Gut vart alvorleg skadd etter Tiktok-challenge

Ein tenåring vart før sommaren innlagd på sjukehus med alvorlege skadar etter ein kvelingsleik med opphav frå Tiktok, kalla «headlock challenge».

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Den 14 år gamle guten vart innlagd på Stavanger universitetssjukehus (SUS) i fem veker i mai, skriv Stavanger Aftenblad.

– Denne leiken er livsfarleg. Du kan aldri vite kor lang tid det tek før den andre personen får alvorlege skadar, seier avdelingssjef Mehdi Rezai ved nevrosenteret på SUS.

Utfordringa går ut på å halde ein person i eit slags kvelartak eller brytegrep som stenger luftvegane, og ein skal sleppe grepet når personen som blir halden fast gir signal. Poenget er å halde ut lengst mogleg.

– Å halde nokon i ein såkalla «headlock» kan ikkje berre føre til avsviming, men også alvorleg hjerneskade og i verste fall død, seier legen til avisa.

Guten svima av etter å ha eksperimentert med utfordringa saman med kompisar, og trefte ein fortauskant då han gjekk i bakken. Han fekk påvist alvorlege hovudskadar.

Etter hendinga vart det sendt ut ein e-post til alle ungdomsskular i Stavanger kommune frå rektoren på skulen guten gjekk på, for å åtvare føresette om liknande trendar i sosiale medium.

– Slike utfordringar kan få svært alvorlege konsekvensar. Vi ønskjer å rette fokus på kva som blir spreidd via sosiale medium, der barn og ungdom i nokre tilfelle ikkje ser alvoret og konsekvensane ved å teste ut slike utfordringar, stod det i e-posten ifølgje Stavanger Aftenblad.