Studentindeksen: Studentar har ikkje råd til å bu
Ifølgje studentindeksen har ikkje studentar i dag råd til å bu utan vesentleg ekstrainntekt i tillegg til lån og stipend frå Lånekassen.

Studentindeksen måler kor mange bustader ein student kan leige i dei største norske byane ut frå pengane ein gjennomsnittsstudent har, skriv Norsk studentorganisasjon (NSO) i ei pressemelding.
Studentindeksen er eit samarbeid mellom Finn.no, NSO, Utleiemegleren, Eiendom Norge og Eiendomsverdi.

Kaja Hovdenak er leiar i Norsk studentorganisasjon. Foto: NSO
Indeksen viser at ein student må jobbe tolv timar i veka ved sida av studia for å kunne dekkje utgiftene til halvparten av leigebustadene i studentbyane.
– Situasjonen i dag er alvorleg, og det er eit skrikande behov for ein styrkt studentøkonomi og for fleire studentbustader, seier NSO-leiar Kaja Ingdal Hovdenak.