Karpe får brubyggjarpris – deler med tidlegare KrF-leiar

Rappgruppa Karpe får Brobyggerprisen 2024 for å ha bidrege til forståing og tilnærming mellom kulturelle og religiøse grupper. Også Valgerd Svarstad Haugland blir heidra.

NPK-NTB
Publisert

– Etter komiteen si meining har Karpe bidrege med å minske avstanden mellom menneske med ulik tru og kultur i det norske samfunnet. Dei har også bidrege til å minske fordommane mot spesielt innvandrarar og flyktningar, heiter det i grunngivinga til 14. august-komiteen, som står bak prisen.

Den populære rappgruppa vart starta i 2000 og består av Chirag Rashmikant Patel og Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid. Dei har vist at «ens bakgrunn ikke er en hindring for ens muligheter,» ifølgje komiteen.

Karpe har gitt ut fem album og vunne 13 Spellemannprisar

Også statsforvaltar Valgerd Svarstad – tidlegare leiar i Kristeleg Folkeparti – får Brobyggerprisen for i år.

– Haugland har gjennom heile karrieren sin vist ei eineståande evne til å byggje bruer mellom ulike samfunnsgrupper, religionar og kulturar. Arbeidet hennar har hatt ein stor innverknad på å fremje forståing, toleranse og fred i samfunnet vårt, heiter det i grunngivinga frå komiteen.

Også Hamza Ali Abbasi, ein av Pakistans mest kjende skodespelarar, får årets pris for innsatsen sin med byggje bruer mellom ulike samfunn og kulturar.

Prisane blir delte ut på Grand Hotel i Oslo den 14. august, i samband med Pakistans nasjonaldag.