Politiet rår Norway Cup-deltakarar til å gå i grupper
Denne veka har fleire Norway Cup-spelarar vorte rana. No rår politiet deltakarane til å gå i grupper og vere føre-var om ein bruker merkeklede.

Det skriv NRK.
Barn og unge frå heile landet og til saman 30 nasjonar er samla i Oslo for å delta på Norway Cup. Politiet fortel at det no har skjedd fleire ran som involverer Norway Cup-deltakarar.
Måndag kveld vart ein ungdom angripen og trua med ein kniv. Eit Louis Vuitton-belte, ei blå jakke og ein Gucci-kaps skal ha vorte stole frå ungdommen.
– Dessverre er merkeklede trekkfaktor for å bli stole frå. Det er heilt forferdeleg, seier innsatsleiar i Oslo politidistrikt Tore Barstad til NRK.
Barstad rår deltakarane til å unngå bråk, gå fleire saman og gi beskjed om kvar dei går.