Norway Cup: – Haaland er overalt i USA

Dei bur nesten 7.000 kilometer frå kvarandre. På Norway Cup fortel ungdomar frå USA og Noreg om korleis sommarens VM har gitt dei nye fotballheltar og meir lyst til å bli betre.

Madelen Kloster
Publisert

– Haaland er overalt i USA. Alle veit kven han er, seier Braddock Hosie (16).

Hosie smiler bredt før avspark på Ekebergsletta. Snart skal Chattanooga Kaistorms FC frå Tennessee møte Ulfstind IL frå Tromsø i den siste kampen i gruppespelet.

Fotball har lenge stått i skuggen av amerikansk fotball, basketball og baseball i USA. Men interessa har vakse dei siste åra, og årets VM på heimebane har gitt sporten endå meir merksemd.

– Fotball har blitt mykje meir populært. Folk som aldri har sett fotball før, følgjer med no, seier Hosie.

Ved sida av han nikkar lagkameraten Matthew Ramirez (16).

– Fotball byrjar verkeleg å bli stort i USA.

Sommarsola steikjer over Ekebergsletta. Rundt 100.000 menneske er innom Norway Cup-området kvar dag. Spelarar frå heile verda vandrar mellom banene, medan foreldre finn seg plassar langs sidelinjene.

Møtte Haaland sin gamleklubb

Chattanooga har reist over Atlanteren til Oslo. Men Noreg var ikkje ukjent for spelarane då dei kom hit. Dei følgde nemlig spent med då det norske landslaget spelte VM tidlegare i sommar.

– Noreg spelte veldig bra. Kampen mot Brasil var imponerande, og dei var skikkeleg gode mot England òg, sjølv om dei tapte, seier Ramirez.

Den norske VM-suksessen har sett spor hos spelarane frå Tennessee. Då Chattanooga møtte Bryne FK tidlegare i turneringa, visste dei godt kva klubb dei spelte mot.

– Vi spøkte med at alle der var like høge som Haaland, fortel Matthew Ramirez.

– Vi elskar roinga òg. Det er så gøy, og no gjer alle det.

VM gav ny motivasjon

På den andre sida av bana står Ulfstind-spelaren Olav Larsen (17) og varmar opp.

– Etter VM har eg fått større tru på at eg kan bli god, og ikkje minst fått meir motivasjon, seier han.

Lagkameraten Filip Langgård (17) kjenner på det same.

– VM har gitt mykje motivasjon til å trena og bli betre i fotball, når ein ser at Ødegaard er blant verdas beste, liksom.

Filip Langgård (t.v.) og Olav Larsen frå Ulfstind fortel at VM har gitt dei ny motivasjon før Norway Cup. | Foto: Madelen Kloster / Framtida.no

Han legg ikkje skjul på at Norway Cup også tek på.

– Det er slitsamt å spela mange kampar, men det er veldig gøy òg, fortel Langgård.

Ulfstind G17 er eit nytt lag denne sesongen. Spelarane kjem frå fleire ulike klubbar som etter kvart fekk for få spelarar kvar for seg, og slo seg saman før sesongen. Eitt av dei store måla var å få spela Norway Cup.

Avspark

Ulfstind har alt tapt dei to første gruppekampane. No handlar det om å avslutta gruppespelet med ein siger mot Chattanooga.

Rett før avspark samlar begge laga seg i kvar sin sirkel. Eit siste heiarop bryt stillheita før dommaren bles i fløyta.

Etter kampen står Chattanooga att som vinnarar med 5–3 og går vidare til A-sluttspelet. For Ulfstind ventar B-sluttspelet.