I om lag eitt år har Framtida.no meldt film og seriar, men kven er det du får meiningane til? Bli betre kjent med filmsmaken til meldarane våre!

Birgitte Vågnes Bakken, Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Då Framtida.no såg at snittalderen på meldarane i seks store aviser og nettaviser var 50 år, såg me eit behov for å sleppa yngre stemmer til. I prosjektet «Ung og kritisk» har Framtida.no fått støtte av Sparebankstiftelsen DNB og Fritt Ord til å melde film og seriar for unge.

I prosessen fann vi fram til tre stjernemeldarar, om vi får seie det sjølv: Ola Birgitsønn Vik, Rakeb Berhanu Erana og Jenny Lund.

Ola Birgitsønn Vik

Ola Birgitsønn Vik er 20 år og kjem frå Nordreisa i Nord-Troms. Når han ikkje melder filmar og seriar for Framtida.no, studerer han musikk i Tromsø og spelar funkmusikk i bandet Homo.

Som meldar synest han det er viktig å hugse på at alle filmar kan vere nokons favoritt.

Fakta

  • Namn: Ola Birgitsønn Vik
  • Alder: 20 år
  • Frå: Nordreisa i Nord-Troms
  • Skule/jobb: Studerer musikk i Tromsø

– Og det at det ikkje er nokon objektive element i kunst. Så kvaliteten kjem nok ofte an på mi dagsform. Men søte bjørnar er alltid eitt pluss.

Søte bjørnar og Megahjerne

Apropos søte bjørnar, Paddigton 2 er nemleg favorittfilmen hans.

– Søt bjørn, søt familie og søt kriminell kokk med tatoveringar på knokane, skriv han om favoritten sin.

Då han var yngre, var Vik opphengt i Nickelodeon-serien iCarly, som handlar om tre vennar som startar eit nettshow. Filmen han har sett flest gongar, er den første halvtimen av Megahjerne.

– Vi såg på den medan vi åt kveldsmat som liten, minnest Ola.

Ville blitt ven med Guillermo Del Toro

Serien som engasjerer han akkurat no er Smiling Friends på Max.

Smiling Friends tek inn ulike animasjonsstilar og kombinerer 2D- og 3D-animasjon. Til høgre medarbeidarane Glep og Allan.

– Massevis av kreativt overskot og i tillegg er det kjempeartig!

Her kan du lese heile meldinga hans av animasjonsserien.

Han trekker fram dokumentaren «Dick Johnson Is Dead» som verdas mest undervurderte film.

– I eit forsøk på å forevige livet til den 86-år gamle faren, filmar regissøren scener der faren døyr på usannsynlege måtar. Veldig morosam og tankevekkande.

– Kva regissør eller skodespelar ville du stått fast i heisen med?

– Guillermo Del Toro. Eg trur vi hadde vore gode vennar. Han har mykje livsvisdom, og vi kunne ha snakka om anime og store robotar.

Meksikanske Del Toro vann Oscar for beste regi for filmen The Shape of Water.

Rakeb Erana

Rakeb Erana kjem frå Sogndal, er 22 år og har det siste året meldt film, seriar og teater for Framtida.no. Til dagleg studerer ho fysikk på Universitetet i Bergen, noko som kanskje kom godt med då ho melde fjorårets storfilm Oppenheimer, som handlar om atombombas far.

Fakta

Namn: Rakeb Erana
Alder: 22
Frå: Sogndal
Skule/jobb: Studerer fysikk på Universitetet i Bergen og jobbar som leksehjelp

– Det er to punkt eg alltid tenkjer på når eg skal bedømme ein film; det første er om filmen veit kva han er og kva han vil formidle, og det andre punktet er om alle elementa i filmen, for eksempel lydbiletet, kostymedesign, lysbruk, osv., komplementerer første punktet. Desse krava verkar kanskje litt filosofiske, men dei er hjelpsame å ha når ein meldar filmar.

Sjangeren ho likar aller best er science fiction.

– Spesielt eksperimentell sci-fi som tør å vere unik og litt rar, for eksempel They Cloned Tyrone, Zardoz og Moon.

Favorittfilmen Soleil Ô er ein klassikar som ikkje er like kjend som han fortener å vere, meiner Rakeb.

– Dette er ein film som sit lenge etter at ein har sett han. Regissøren Med Fondo fangar den afrikanske anti-koloniale revolusjonære sjela, noko eg identifiserer meg sterkt med.

Munch

22-åringen trekker fram Rachel Sennott som favorittskodespelaren sin.

– Ho har ein type sjarm som ho tek med til kvar karakter ho speler, og ikkje minst er ho utruleg morosam.

Hovudrolleinnehavar Rachel Sennott i rolla som Danielle i Emma Seligman sin debutfilm «Shiva Baby» frå 2020.

Som beste norsk film, vil ho slå eit slag for den biografiske filmen Edvard Munch frå 1974, som ho erkjenner ikkje er den mest populære filmen.

– Denne filmen er ekspressiv, og eg synest det er utruleg kult at filmen minner litt om eit realityshow.

Anime og «trashy» b-filmar

Då ho var yngre, var Rakeb Erana «heilt besett» av den japanske mangaen Naruto.

– Denne animeserien har vore med meg gjennom heile barndommen.

Filmane ho har sett flest gongar er anten ParaNorman eller The Karate Kid.

– Begge er «feel good-filmar», og har sine unike preg som gjer at eg kjem tilbake til dei minst éin gong i året. I tillegg ligg det nok nostalgi bak begge filmane.

Om ho har ein «guilty pleasure» i filmverda, må det vere det ho skildrar som «forferdelege, trashy b- eller actionfilmar som ikkje har nokon substans», til dømes The Mummy (2017).

Bridgerton-feber

– Kva serie engasjerer deg akkurat no?

– Akkurat no tenkjer eg mykje på del to av Bridgerton sesong tre, og Jujutsu Kaisen sesong to. Begge seriane har vekt sterke kjensler hjå meg – for det gode og det vonde.

Venskapen til Penelope Featherington (Nicola Coughlan) og Colin Bridgerton (Luke Newton) utviklar seg i sesong 3.

Her kan du lese Rakeb si melding av første del av den nye Bridgerton-sesongen.

– Kva regissør eller skodespelar ville du stått fast i heisen med?

– Eg hadde valt Fredrik Saroea som nyleg spelte djevelen i Meisteren og Margarita-framsyninga på Den Nationale Scene i Bergen, og eg hadde spurt han om han faktisk er djevelen eller ikkje. Han gjorde ein så bra jobb som karakteren at eg byrja å tvila.

Jenny Lund (23)

Jenny Lund kjem frå Randaberg utanfor Stavanger og er ein ekte filmentusiast. Ho studerer media og kommunikasjon, er frivillig på diverse filmfestivalar, og er med i kuratorgruppa til Vega Filmklubb.

– Eg tenkjer at det å vekkje kjensler er det mektigaste ein film kan gjere. Det kan vere å gråte av ein tragedie eller le av ein komedie, men også slikt som overrasking eller vyrdnad over skodespel eller teknisk gjennomføring, forklarar Jenny.

Jenny Lund

Alder: 23

Frå: Randaberg

Skule/jobb: Master i media og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo

 

Men at film òg kan vekkja kjensler som ikkje var planlagt frå filmskaparane, har ho sjølv erfart.

– Kortfilmen eg skreiv og regisserte på folkehøgskulen fekk folk til å le av augeblikk som ikkje eigentleg skulle vere morosame. Heldigvis var han alltid meint som ein tragikomedie, så eg kunne berre late som at det var intendert. Poenget er at ein god film gjerne har kontroll på korleis han påverkar sjåaren, med ei effektiv leiing av kva kjensler vedkommande skal sitte igjen med, forklarar Jenny, som likevel er open for at ufrivillig humor og absurditet kan løfta enkelte filmar.

Skrekk og My Little Pony

Jenny understrekar at smak og behag har ein del å seie når det kjem til filmpreferansar.

– At mange elskar ein film kan vere ein god indikator, men det er også noko nydeleg med dei filmane som ikkje nødvendigvis funkar for alle, men som er favoritten til nokon få, synest ho.

Skrekkfilm er den sjangeren som ligg hjartet til Jenny aller nærast, og i nyare tid er det nok Stuart Gordon sin Re-Animator (1985) eller Face/Off, med Nicolas Cage i hovudrolla, ho har sett flest gonger.

– Det er to av favorittane mine som eg tvingar alle vennene mine til å sjå med meg.

Men i tenåra var ho oppslukt i ein ganske anna sjanger.

– Mykje av tenåra mine gjekk tapt til ein ekstrem kjærleik for My Little Pony: Friendship is Magic, på båe godt og vondt.

Sex, Drømmer og Kjærlighet

– Kva serie engasjerer deg akkurat no?

– Godt mogleg at de her eigentleg meiner tv-seriar, men eg ser ikkje så mykje av dei, så eg slenger inn Dag Johan Haugerud sin trilogi Sex, Drømmer og Kjærlighet. Eg blei veldig sjarmert av første del, Sex, så eg er superspent på korleis dei andre to filmane utspelar seg!

Ekte glede

Ein av dei morosamaste opplevingane ho har hatt i ein kinosal er då ho såg Jakten på nyresteinen igjen i vaksen alder på kino. Ein annan favoritt er ein «rar liten skrekkfilm» med tittelen Star Time (1992), om ein ung mann som får ein tilsynelatande komfortabel jobb, der arbeidsoppgåvene vert stadig meir brutale.

Filmentusiasten er ikkje glad i uttrykket guilty pleasure, og vedgår at mange av filmane ho genuint elskar hamnar i kategorien. Om ho likevel skulle velje ein guilty pleasure vert det Netflix sin originale ‘anime’ Neo Yokio

– Mange hatar han intenst, og eg kan forstå det, men eg synest faktisk at det er noko av det morosamaste som finst. Sløv satire og parodiar på animetropar, middelmåtig animasjon, gigantisk Toblerone, og ei bisarr samling kjente skodespelarar i rollene er berre noko av det som utgjer kaoset her.

Woo-musikal

– Kva regissør eller skodespelar ville du stått fast i heisen med, og kva ville du spurt om?

– Hmm, kanskje John Woo, for å spørje om han framleis kunne tenkje seg å lage ein musikal. Eventuelt om eg kunne få høyre om handlinga til den han hadde planlagt å lage i 2003, som det dessverre ikkje blei noko av. Eg trur det hadde tilført livet mitt mykje glede om eg endeleg kunne få vite korleis ein Woo-musikal hadde vore.