Smiling Friends sesong 2 – forfriskande

Serien er ein godtepose for animasjonsfans, skriv meldar Ola Birgitsønn Vik om den andre sesongen.

Ola Birgitsønn Vik
Publisert

Denne meldinga er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

Meldinga er basert på dei 6 fyrste episodane av sesong 2.

Charlie og Pim vender tilbake! I sesong 2 kan du venta deg meir av Mr. Frog, djevelen og ein haug av nye skrullete karakterar i utrulege situasjonar.

Eg var ein stor fan av den fyrste sesongen av Smiling Friends, så det er ei glede å kunna seia at sesong 2 lever opp til forventningane.

Serien er eit veldig godt døme på at når talentfulle folk får kreativ fridom, blir resultata knallgode.

Smiling Friends Sesong 2

Skaparar: Zach Hadel og Michael Cusack

Plattform: MAX

Studio: Adult Swim

Episodar: 8 per sesong

Lengd: 10 min per episode

Internett-veteranar

Det er forfriskande med ein animert serie for vaksne som faktisk er morosam, og som ikkje prøver å følgja trendar som var utdaterte for 10 år sidan.

Smiling Friends handlar om Pim og Charlie som jobbar for ei bedrift som prøver å få folk til å smila. Med seg på laget har dei den sarkastiske Allan og vesle Glep. Glep snakkar ikkje engelsk, men til gjengjeld likar han å spytta, og han har ein fin hatt.

Kvar episode handlar om ein ny jobb og nokon som treng oppmuntring. I sesong 2 må dei blant anna hjelpa den håplause presidenten, gale forskarar, og sjølvaste Gwimbly!

Serien er skapt av Zach Hadel (også kjend som psychicpebbles) og Michael Cusack. Begge er veteranar innan internett-animasjon, og har lagt ut videoar på YouTube og Newgrounds i snart 15 år.

Serien har same stemning som dei to-minutt lange videoane eg såg på som barn, no med høgare budsjett og betre kvalitet. Det er heilt tydeleg at dette er deira program; dei har hovudansvar for animasjon, skriving og har stemma til mange av karakterane, som dei to hovudkarakterane Charlie (Zach Hadel) og Pim (Michael Cusack).

Animert godtepose

Sesong 2 startar med ein episode som handlar om Gwimbly, ein avdanka videospelkarakter frå PS2-perioden. Han er ei glede å sjå på, spesielt når han gjer sin ikoniske sigersdans. Sigersdansen er sjølvsagd ikkje ikonisk, sidan han ikkje fanst før Smiling Friends, men serien gjer ein skikkeleg god jobb med å etablera ein forhistorie, med klipp frå karrieren til Gwimbly.

Skaparar på internett har også hoppa på denne trenden, og i ein periode var det ikkje uvanleg å sjå Gwimbly, denne heilt tilfeldige og uetablerte karakteren, dukka opp i videoar og animasjon, der dei bygde vidare på spøken om at alle visste kven Gwimbly var.

Serien er ein godtepose for animasjonsfans. Alt er spanande og proppfullt av detaljar. Karakterane er morosame å sjå på, ei kjempefin avveksling frå det livlause uttrykket ein ofte får frå «vaksen-animasjon».

Alle karakterane har også sin eigen stil, så det er ikkje uvanleg at 3D- og 2D-animerte karakterar eksisterer i same scene som ei stop-motion dokke laga av leire.

Den eklektiske stilen gir også rom for mange gjesteanimatørar, så fans kan oppdaga segment frå favoritt-animatørane sine frå YouTube.

Episodane eignar seg godt for å sjå igjen og igjen. Kvar gong oppdagar ein nye detaljar.

 

Blod og gørr

Mykje av dialogen er openbert improvisert.

I motsetting til andre liknande program klarar dei å få eit daglegdags og morosamt uttrykk, utan at det verkar unaturleg. Episodane er bygd rundt desse samtalane, og ikkje motsett.

Denne jordnære haldninga til ting er ein kjempefin kontrast til alt det absurde som skjer i kvar episode, og denne balansen gjer at humoren ikkje blir slitsam i lengda.

Det er ein del animert blod og gørr, men alltid for humoristisk effekt. Eg kan vera ganske sart på slike ting, er ingen fan av skrekkfilmar, men her syntest eg det var akkurat passe mengd folk som blir most eller drepne på andre grufulle måtar. Ting er ofte forstyrrande på eit anna, meir konseptuelt nivå, men ubehaget går fort over for å gi plass til humoren.

Aprilsnarr

Som ein aprilsnarr, slapp dei tre episodar frå sesong 1 på YouTube, med all animasjonen gjort på nytt med dokker. Lyden er framleis den same, men alle karakterane og omgivnadene er laga av stoff og knappar. Den eklektiske stilen er også vareteken, med nokon karakterar som sokkedokker, nokre er laga av filt og andre er menneske i rare kostyme. Ei oppvisning i kreativt overskot, som ein ser mykje av i sjølve programmet også.

Episodane er berre 10 minutt lange, og proppfulle av tvistar og absurde hendingar, så ein rekk aldri å bli lei. Det er vanskeleg å få med alt som er spanande med programmet, frå historia bak og referansane, til animasjonen og humoren, så eg anbefaler alle å gi det ein sjanse.

Serien er kanskje ikkje for alle, men det er absolutt for meg.