Minst 100 påverka av Samordna opptak-feil

Dei veit førebels ikkje kor mange av desse som blir påverka.

NPK-NTB
Publisert

Ein teknisk feil i Samordna opptaks system førte til ei feilberekning av mellom 100 og 200 søkjarars karaktersnitt.

Karaktersnitta som søkjarar bruker, blir automatisk rekna ut, og det er ingen manuelle prosessar i biletet, fortel kommunikasjonssjef Åshild Berg-Tesdal i Sikt, som er leverandør og driftar av Samordna opptak, til VG.

Berg-Tesdal fortel at det var ei oppdatering som ikkje vart køyrd som planlagt under årets opptak.

– Dette galdt ein stad mellom 100 og 200 søkjarar til tre av lærestadene som hadde teke opp fag etter fullført vidaregåande skule, seier ho.

Berg-Tesdal fortel at dei har oversikt over kven dette gjeld, og at dei har informert lærarstadene.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse og lærarstadene avgjer om desse søknadene blir behandla på nytt.

– Vi veit per no ikkje kor mange av desse søkjarane det har hatt faktiske konsekvensar for, seier kommunikasjonssjefen.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har ansvaret for Samordna opptak. Avdelingsleiar Jørgen Ofstad beklagar feilen og fortel til NTB at alle som har søkt og har rett på studieplass, vil få plassen dei har krav på.

– For søkjarar som er ramma av feilen, vil dette rettast opp i suppleringsopptaket 29. juli, seier Ofstad.