Ålesund-elevar får innvilga annullering av eksamen
Elevane får faget godkjent utan eksamen og får vitnemål.

Datatrøbbel øydela eksamen for 42 elevar ved Ålesund vidaregåande skule. No får dei innvilga annullering av eksamen – og dei slepp å ta han på nytt.
Dei 42 elevane som ikkje fekk gjennomført eksamen skikkeleg, opplevde problem med programmet Microsoft Word då dei hadde eksamen i norsk 20. og 21. mai i år, skriv Sunnmørsposten.
Ei oppdatering på programvara førte til at elevar som brukte Mac, støtte på problem med både skrive- og rekneprogram.
– Annulleringa medfører at elevane manglar ein eksamen på vitnemålet. Vi meiner elevar ikkje skal bli skadelidande i slike tilfelle, og vi gir derfor også dispensasjon frå kravet til talet på eksamenar på vitnemålet, heiter det frå Utdanningsdirektoratet.
Det betyr at elevane ikkje treng å ta eksamenane på ny. Dei får faget godkjent utan eksamen og får vitnemål. Men dei kan også avleggje ny eksamen, viss dei ønskjer det.
I fjor var det problem ved fleire skular rundt omkring i landet på grunn av store dataproblem. Eksamen vart avlyst for elevar i Møre og Romsdal. Etter problema 22. mai søkte 9000 elevar i dåverande Viken fylke om å få norskeksamen annullert.