No har alle søkjarar fått svar frå Samordna opptak

Rettsvitskap og nytt NHH-studium er mest populært.

NPK-NTB
Publisert

Alle søkjarar til høgare utdanning gjennom Samordna opptak har no fått svar på søknaden sin. Det er framleis mogleg å søkje studieplass.

Dei som har søkt, har anten fått tilbod om studieplass eller ein plass på venteliste. Til saman har 142.416 personar søkt om studieplass, ein auke på 4,7 prosent frå i fjor.

– Det er viktig at alle som har fått tilbod om studieplass eller ventelisteplass, går inn i søkjarportalen på Samordna opptak og svarer på søknaden sin innan fristen 24. juli, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Framleis ikkje for seint

Dersom du enno ikkje har søkt studium, er det ikkje for seint. Ledige studieplassar blir lagde ut 19. juli, og ein kan søkje frå og med 20. juli klokka 9. Då er det lokalt opptak direkte til institusjonane.

– Då er det førstemann til mølla-prinsippet som gjeld, seier Skule.

Det har vore ein nedgang i søkjarar som har lærarstudiar på førsteplass, og det har vore færre søkjarar enn det er plassar. Fleire stader vil få ledige studieplassar både ved lærarutdanningar og sjukepleiarutdanningar.

Nytt for året er at når hovudopptaket er over, kan ein søkje på desse utdanningane utan å oppfylle karakterkrava, skriv Khrono. Det betyr at du frå 20. juli kan søkje lærarutdanning sjølv om du ikkje har fått 3 i matematikk og norsk.

– Eg håpar mange har fått med seg denne moglegheita, seier prorektor Anne-Grethe Naustdal ved Høgskulen på Vestlandet til Khrono. Ho garanterer mange ledige studieplassar.

22 søkjarar per plass på nytt studieprogram

Flest søkjarar var det til rettsvitskap med oppstart i haust ved Universitetet i Oslo. 2102 personar søkte om plass der. Det er berre 224 studieplassar, så dei aller fleste av søkjarane får i dag beskjed om at dei står på venteliste.

Per studieplass er det flest søkjarar på Noregs handelshøgskoles nye studieprogram «Business, economics and data science – siviløkonom». Her er det 1101 personar som har sett dette som førsteval, men berre 50 av dei vil i dag få tilbod om studieplass. Det er 22 søkjarar per plass.

Andre studiar som har vorte meir populære i år, er historie, økonomi og samfunnsvitskap. Det var også ein auke i søkjarar til sjukepleiestudiet. 900 fleire hadde dette som førsteval i år samanlikna med i fjor.