Sparkar heile regjeringa – ungdom tek styringa i Kenya

Det er kaos i den kenyanske politikken. Etter fleire veker med ungdomsopprør får regjeringa no sparken.

Magnus Rotevatn
Publisert

Torsdag ettermiddag valde den kenyanske presidenten William Ruto å gje ministrane sine avskjed. Berre han sjølv og éin anna regjeringsmedlem får behalda jobben. Bakteppet er fleire veker med protestar organisert av «Gen Z», altså ungdommar og unge vaksne.

Det har vore sterk misnøye med dei fleste politiske leiarane i landet. President Ruto sin siste manøver verkar likevel ikkje å ha gjort «Gen Z» nøgde. På sosiale medium krev mange no både å få skattepengar att og at Ruto sjølv må gå av. Det blir òg mobilisert til nye protestar neste tysdag.

Slit med auka levekostnadar

Det har murra lenge. Då eit forslag til statsbudsjett vart lagt fram i slutten av mai, tok kenyanarane til gatene.

Budsjettforslaget inneheldt skatteaukingar – noko som fekk dropen til å renna over. Mange i Kenya slit med auka levekostnadar og inflasjon, samstundes som politikarane løyvde pengar til seg sjølve.

Regjeringa hevda at skatteaukingane var naudsynte for å kunna betala gjeld mellom anna til Det internasjonale pengefondet.

Lenge såg det ut som president Ruto var fast bestemt på å få budsjettet vedteke trass store protestar. Det internasjonale pengefondet hadde på førehand åtvara styresmaktene i Kenya om at det kunne koma motstand frå sivilbefolkninga og bede dei om å halda stø kurs.

Mann med dress og slips
President William Ruto | Foto: World Trade Organization/CC BY-SA 2.0
Ein demonstrant og to politimenn innafor parlamentsområdet i Nairobi 25. juni. | Foto: Samson Otieno/AP via NTB

Særleg sterk er misnøya når det gjeld gapet mellom levestandarden til den politiske eliten og vanlege kenyanarar.

Til dømes får den dyre livsstilen til president Ruto mykje merksemd. Avisa The Nation har rapportert at Ruto brukar offentlege middel til å finansiera eige forbruk enn det styresmaktene sjølv oppgir.

Ifylgje Verdsbanken lever i underkant av 40 % av kenyanarane under den absolutte fattigdomsgrensa.