72 prosent av unge hadde sommarjobb i fjor

Fleire hadde sommarjobb i 2023 enn 2021. Dei fleste jobbar i butikk.

NPK-NTB
Publisert

Over 475.000 unge mellom 15 og 24 år hadde sommarjobb i fjor. Dei vanlegaste jobbane er innan sal, pleie- og omsorgsarbeid og personleg tenesteyting.

Talet svarer til 72 prosent av alle i denne aldersgruppa, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).

Talet på unge som har sommarjobb, har auka mest blant dei i alderen 15-19, med 16 prosent sidan 2021. Nesten ein av tre lønnstakarar under 20 år jobbar i butikk, som er den største næringa blant unge i sommarjobb.

– Dei siste åra etter koronakrisa har det vore gunstig for unge å komme seg inn på arbeidsmarknaden, med låg arbeidsløyse og høg etterspurnad etter arbeidskraft. Dette har gjort at fleire av dei aller yngste har fått ein start på arbeidslivet, seier Rakel Gading, rådgivar i SSB.

Den gjennomsnittlege timelønna for dei i alderen 15–19 år var 158 kroner, medan han for aldersgruppa 20–24 år var 221 kroner.