Må vente til 2032 på eit tredje kjønn

Kort tid etter Støre-regjeringa overtok i 2021, bestilte dei ei utgreiing om eit tredje juridisk kjønn. Det kan tidlegast bli aktuelt i 2032.

NPK-NTB
Publisert

Utgreiinga vart omfattande og temaet er omstridd internt i regjeringa. Eit tredje kjønn står heller ikkje i Hurdalsplattforma, skriv Vårt Land.

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) seier at utsiktene for eit tredje juridisk kjønn ligg langt fram i tid. Bakgrunnen er teknisk: Eit tredje juridisk kjønn krev endringar i Folkeregisteret som ikkje kan skje før 2032.

– Det vil derfor ikkje vere mogleg å innføre ein tredje juridisk kjønnskategori før nytt system for registrering av juridisk kjønn er på plass, heiter det i ei pressemelding frå Kultur- og likestillingsdepartementet.

I dag fortel det tredje sifferet i personnummeret om du er registrert som mann eller kvinne. Sidan vi snart går tomme for personnummer skal opplysningar om juridisk kjønn i staden blir registrert som ei eiga opplysning i Folkeregisteret. Endringa gjeld alle innbyggjarar.

Jaffery er positiv til eit tredje juridisk kjønn, men ho understrekar at innføringa vil vere komplisert og krevjande, og at regjeringa enno ikkje har vedteke noko konkret om det.

– Ut frå utgreiinga veit vi at eit tredje juridisk kjønn ikkje kan vere på plass før 2032. Dette blir altså ein tidkrevjande prosess, seier ho.

Omgrepet «tredje kjønn» refererer til personar som ikkje identifiserer seg som mann eller kvinne.