Det er juni, og pride-feiringane strekker seg over heile kloden.

Åshild Slåen
Publisert

Her er nokre av dei forskjellige markeringane. Sjå

Bangkok, Thailand

I år hadde skeive i Thailand mykje å feire, for dei blir det første landet i Søraust-Asia, og det tredje i heile Asia, etter Nepal og Taiwan, som gjer likekjønna ekteskap lovleg.

Innbyggjarane i hovudstaden Bangkok let ikkje den sjansen gå frå seg.

Athen, Hellas

15. juni hadde Hellas sin fyrste parade sidan folket tidlegare i år stemte ja til lova for likekjønna ekteskap.

Kyiv, Ukraina

Trass i krigen gjennomførte den ukrainske hovudstaden Kyiv sin årlege Pride-parade i år også, med politi som stod vakt.

Likekjønna ekteskap er ein viktig kampsak, spesielt for ukrainske soldatar, som vil ha moglegheit til å ta medisinske avgjerder dersom partnaren deira er skadd.

Jerusalem, Israel

Også i Jerusalem vart det gjennomført ein parade i år, sjølv om markeringar fleire stader i Israel var avlyst på grunn av konflikten. Paraden var prega av Gaza-krigen, med både protestar mot staten si framferd på Gaza-stripa, og folk som kravde løyslating av gissel frå Hamas. Markeringa vart arrangert av Forumet for gislar og sakna familiemedlem.

São Paulo, Brasil

Få kan by opp til fest, fjør og dans som brasilianarar, og det var også tydeleg under den årlege paraden i São Paulo.

San Francisco, USA

Sidan 8. juni har ein stor rosa trekant vore plassert på Twin Peaks i San Francisco. Trekanten er eit kjent symbol som vart brukt av nazistane for å merke homofile under 2. verdskrig, og som seinare vart brukt av den skeive rørsla, før regnbogeflagget vart designa.

Johannesburg, Sør-Afrika

Om du vil oppleve Pride-feiringar i Afrika, er Sør-Afrika eit godt land å besøke. Likekjønna ekteskap har vore lovleg sidan 2006, og både Johannesburg og Cape Town har årlege markeringar.

Bergen, Noreg

I dag går den store paraden gjennom Oslo sine gater, men fleire stader i Noreg har dei allereie arrangert Pride. Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery var med i paraden i heimbyen Bergen 8. juni.