Få rektorar veit om nytt nynorskkrav i opplæringslova

Ifølgje ei ny undersøking er mange rektorar ukjende med nytt krav til skriveprogram på både nynorsk og bokmål. – For mange nynorskelevar er det ein håplaus situasjon, seier LNK.

NPK- Kjell Åsmund Sunde
Publisert

Meknad: Framtida.no er eigd av Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Framtida.no er redaksjonelt uavhengig frå LNK.

Manglande og for lite målretta informasjon blant rektorane kan føre til at mange elevar som skal læra nynorsk går glipp av den viktigaste språksigeren i den nye opplæringslova.

– Om ikkje dette blir teke på alvor fryktar vi at nynorskelevane òg framover vil få raud strek under korrekt nynorsk. For mange nynorskelevar er det ein håplaus situasjon, seier dagleg leiar Svein Olav Langåker i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) til Nynorsk pressekontor.

Til no har det ikkje vore noko krav i opplæringslova om at språkprogramma som norske skuleelevar nyttar skal støtte både nynorsk og bokmål.

Svein Olav Langåker fryktar at nynorskelevane òg framover vil få raud strek under korrekt nynorsk. | Foto: Framtida.no

Det har ført til at nynorskelevar har måtta leve med å få raude strekar under ord som er skrivne rett. Frå hausten av vil den nye opplæringslova tre i kraft, og der blir det krav til at alle skriveprogram skal støtte offisiell rettskriving på nynorsk og bokmål. Endringa kom etter eit ordføraropprop støtta av 120 ordførarar.

LNK har saman med Nynorsk kultursentrum og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa gjennomført ei undersøking blant 444 rektorar i grunnskulen.

Over 23 prosent av rektorane som deltok i undersøkinga var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram brukt i skulen skal støtte både nynorsk og bokmål frå hausten av.

Målretta informasjon

Langåker meiner staten og Utdanningsdirektoratet har vore for dårlege til å informere om dei nye krava.

– Det held ikkje å sende ut e-post. Ein må ha meir målretta informasjon, seier han.

I undersøkinga går det fram at berre åtte prosent av rektorane er veldig nøgde med informasjonen frå Utdanningsdirektoratet om endringane i opplæringslova som gjeld språk. 24 prosent er litt nøgde og 52 prosent har inga meining om informasjonen.

– Informasjonen har komme for seint og den har ikkje nådd fram til alle, konstaterer Langåker.

– Tek rektorane for lett på dei nye krava?

– Nei, det synest eg ikkje. Rektorar har ein veldig travel kvardag og difor er det ekstra viktig at informasjonen når fram til dei.

Fekk Google-lovnad

Fleire av dei store teknologigigantane, som Google og Apple, tilbyr i dag skriveprogram til skular.

– Google har stadfesta overfor oss at dei kjem til å tilby skriveprogram tilpassa nynorskbrukarar, seier Langåker.

Han er likevel uroa for at det skal bli vanskeleg for nynorskelevane å få det dei har krav på.

– Vi veit at fleire av skriveprogramma i dag må tilpassast av brukaren for å få ønskt målform. Til dømes må ein i fleire program sjølv gå inn og endre frå bokmål til nynorsk. Vi vil at programma skal tilpassast slik at ein blir møtt av det språket ein har valt før skulestart. Dette er ikkje noko eleven skal måtte endre sjølv kvar gong han brukar skriveprogram, seier Langåker.