No kan du vipse til danskar og finnar – men det kostar skjorta

Frå i dag blir det like enkelt å vipse danskar og finnar som det er å vipse nordmenn. Men det kostar 4 prosent av beløpet.

NPK-NTB
Publisert

Det skriv betalingstenesta Vipps i ei pressemelding.

I alt er det 11,6 millionar brukarar av Vipps i Noreg og MobilePay i Danmark og Finland. Til no har det vore knotete å overføre pengar mellom landa.

– Dette har vore etterspurt lenge, og no har vi endeleg løysinga klar. Det betyr farvel til lange IBAN-nummer og mange tastetrykk. No treng du berre eit telefonnummer. Dette er det første av mange steg vi tek for å føre Norden endå tettare saman, seier Rune Garborg, sjef i Vipps Mobilepay.

Kostbart

Overføringane vil koste fire prosent av det beløpet du skal sende. Dette skal ifølgje Vipps vere tydeleg angitt i appen. Det vil også visast kva ei overføring omtrentleg kostar i din eigen valuta.

Oppå dei 4 prosentane kan banken i tillegg leggje på eit valutapåslag, som når ein bruker bankkortet sitt i utlandet.

Det kostar ingenting å få pengar.

På spørsmål frå nettstaden BankShift svarer Garborg om det høge gebyret for sende pengar til utlandet med Vipps.

– Målet vårt er først og fremst å forenkle det å dele rekninga etter eit måltid med nordiske venner, vipse ein danske for ein kopp kaffi eller sende ei pengegåve til niese i Finland. Der andre tilbydarar ofte tek eit fast beløp uavhengig av kor stort eller lite beløp som skal overførast, har vi valt ein prosentmodell som er meir gunstig for dei mindre summane, skriv Garborg i ein e-post til nettstaden.

Kjem til Sverige

Vipps varslar også at Sverige skal inkluderast i tenesta, og at planen er at dette skal skje hausten 2024.

– Vi har som mål å forenkle heile den nordiske regionen. Sverige er det største landet og svenskar skal sjølvsagt også kunne ta del i dette. Vi ser derfor veldig fram til å lansere Vipps på den svenske marknaden, seier Garborg.