Sterk auke i talet på sjølvmord og narkotikadødsfall

I 2023 vart det registrert 693 sjølvmord i Noreg – 70 fleire enn året før, melder Folkehelseinstituttet (FHI). Også talet på narkotikadødsfall auka i fjor.

NPK-NTB
Publisert

– Dette er ein varsla katastrofe. Kirkens SOS og andre hjelpelinjer har i lang tid varsla om aukande alvorsgrad og mange tunge samtalar med menneske som vurderer sjølvmord, seier generalsekretær Lasse Heimdal i Kirkens SOS til NTB.

Dødsårsaksregisteret frå FHI viser at det berre i 1988 er registrert eit høgare tal sjølvmord på eitt år enn i 2023.

Det høge talet føyer seg inn i ein trend som byrja før pandemien med aukande sjølvmordstal. Fleire menn enn kvinner tek sitt eige liv, og i 2023 var 71 prosent av sjølvmorda blant menn, slik det også har vore tidlegare år.

Samtidig var både alkohol- og narkotikautløyste dødsfall høge i fjor. Desse dødsfalla overlappar delvis med sjølvmord og ulykker.

Fleire døydde av ytre årsaker

Totalt døydde 43.685 personar busette i Noreg i fjor.

363 døydde av overdosar, noko som er det høgaste talet slike dødsfall på eitt år sidan 2001. 62 av dei døydde som følgje av syntetiske opioid som buprenorfin, fentanyl og protonitazen.

Dette er det høgaste talet slike dødsfall nokosinne.

– Den negative utviklinga knytt til overdosedødsfall bekymrar oss, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.

I fjor registrerte FHI 450 alkoholutløyste dødsfall – 55 fleire enn året før og det høgaste talet i Dødsårsaksregisterets statistikk sidan 1996.

Til saman døydde 2141 personar i ulykker i fjor, noko som utgjer nærare 5 prosent av alle dei registrerte dødsfalla. Dødsfall som ikkje kjem sjukdom av, men ytre årsaker, står for over halvparten av dødsfalla hos personar under 40 år.

Kreftdødelegheita fell

Den hyppigaste dødsårsaka i fjor var, som tidlegare år, kreft, men kreftdødelegheita held fram med å falle.

11.027 personar døydde av kreft i fjor, som er 262 færre enn i 2022. Dødelegheit på grunn av lymfekreft, kreft i lunge, strupe og prostata er den lågaste nokosinne.

Heller ikkje talet på døde av hjerneslag, hjernebløding og akutt hjarteinfarkt har vore lågare noko anna år.

Etter ein auke i pandemiåra, gjekk hjarte- og kardødelegheita ned igjen i 2023 til eit nivå tilsvarande før pandemien.

– Det kjem mellom anna av at desse tilstandane har vorte mindre vanlege og at behandlinga har vorte betre, forklarer overlege Marianne Strøm ved Dødsårsaksregisteret.