Klar for din første sommarjobb? – Dette bør du vite!

Skal eg ha skriftleg kontrakt? Når har eg krav på overtidsbetaling? Og kor lang pause kan eg ta? Her er dei viktigaste rettane du bør kjenne til – og tipsa om korleis du gjer sommarjobben til ein døropnar vidare i yrkeslivet.

NPK – Heidi Molstad Andresen
Publisert

I knivinga om sommarjobben er det fort gjort å bli så ivrig at du ikkje stiller arbeidsgjevaren dei vanskelege spørsmåla – eller set deg inn i kva for rettar du har som arbeidstakar. Det er faktisk ikkje så reint lite, ifølgje arbeidsmiljølova. Det er mellom anna difor Arbeidstilsynet finst. Det er dei som har ansvar for at alle verksemder følgjer lovverket, og dei svarar også på spørsmål frå publikum.

Vigleik M. Aas er seksjonsleiar for Arbeidstilsynet si Svarteneste. No som kampen om sommarjobbane er i gang, oppmodar han først og fremst dei unge til å bruke jobbintervjuet godt for å få svar på kva jobben inneber, kva arbeidsgjevaren ventar av deg og kva du vil få i løn.

– Når du har fått og takka ja til jobben, er det viktig å passe på at du også får ei arbeidskontrakt. Om arbeidsforholdet varar ein månad eller mindre, skal du seinast ha kontrakten i handa første arbeidsdag, men helst i god tid før. Det er lurt å lese kontrakten nøye, for å sjekke at ho samsvarar med det du og arbeidsgjevar vart samde om munnleg. Og om noko er utydeleg; spør, seier han.

– Har du valet mellom fleire jobbar, bør du velje arbeidsplassen der dei tilsette er fagorganiserte. Det er eit kvalitetsteikn. Ein skal ikkje kvi seg for å spørje om dette under jobbintervjuet; det signaliserer mest av alt at du er ein medviten arbeidstakar. Om arbeidsgjevaren skulle utelukke deg for jobben fordi du spør, er det ulovleg diskriminering, seier Vigleik M. Aas | Foto: Arbeidstilsynet

Timar og turnus

Om du er under 18 år, har du krav på pause om du jobbar meir enn 4,5 timar. For dei over 18 år er det 5,5 timar som gjeld. Pausetida er normalt ein halvtime, og helst samanhengande. | Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Aas fortel at kontrakten først og fremst skal fortelje kor mykje du skal jobbe, og når. Her snakkar me altså når arbeidsforholdet ditt byrjar og sluttar, kor mange timar du skal jobbe per veke og om du har fast arbeidstid eller turnus.

Er du over 18 år er vanleg arbeidstid maksimalt 40 timar på sju dagar, og maks ni timar i løpet av 24 timar.

Jobbar du meir enn dette, har du krav på overtidsbetaling.

Arbeidskontrakten skal i tillegg opplyse om løna de har avtalt og når ho blir betalt ut, storleiken på overtidstillegg, oppseiingstid og kor lange pausar du skal ha.

– Om du er under 18 år, har du krav på pause om du jobbar meir enn 4,5 timar. For dei over 18 år er det 5,5 timar som gjeld. Pausetida er normalt ein halvtime, og helst samanhengande, forklarar Aas.

Som arbeidstakar har du også rett til å kunne planleggje fritida di.

I praksis betyr det at du bør få ei eventuell vaktliste i så god tid som mogleg. Normalen er fjorten dagar før.

Ung reklame

Vigleik M. Aas understrekar at arbeidsgjevar også er plikta til å gje deg ei god og grundig opplæring før du gyv laus på jobben.

Det er ikkje minst viktig om arbeidet inneber handtering av maskiner eller kjemikaliar.

– Aller helst bør opplæringa bli gitt ein til ein, men i somme tilfelle kan det halde med ein skriftleg instruks – slik som til dømes om kva som er stengerutinane i ein kiosk. Det viktigaste er at alle skal vere, og kjenne seg, trygge i jobben sin. Jo tryggare ein er, jo betre arbeidstakar er ein også, seier Aas, som har følgjande oppmoding til arbeidsgivarar:

– Dei unge er framtidas hovudarbeidstakarar. Det er difor ekstra viktig at dei ikkje blir utsett for unødig risiko eller blir sjuke av jobben. Hugs også at ungdom pratar med kvarandre og dei vaksne rundt seg. Å vere ein god arbeidsgivar er difor både god merkevarebygging og god reklame – og dét er i sin tur god butikk.

Ver ein tøffelhelt!

Vigleik M. Aas er likevel snar med å understreke at det ikkje berre er arbeidsgjevaren som har plikter og som gjer klokt i å gje eit godt inntrykk.

Også ferske arbeidstakarar bør vere medvitne om kva eit nytt arbeidsforhold kan bety for framtida deira:

– Som arbeidstakar sel du deg sjølv, og ein sommarjobb kan vera ein døropnar. Difor bør du alltid gjere ditt beste, slik at du får med deg ein god referanse. Det kan faktisk vera avgjerande for resten av arbeidslivet ditt, seier han.

Kva som kjenneteiknar ein god arbeidstakar, er heller ikkje rakettforsking, meiner Aas:

Gjer du det godt i sommarjobben, kan det bety vidare arbeid. | Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

– Ein god arbeidstakar stiller spørsmål om jobben og er hyggeleg og bidreg på ein positiv måte inn i arbeidsmiljøet. Ho eller han er også sjølvgåande og tek initiativ. Det betyr at du ikkje bør setje deg ned for å skrolle på mobilen straks du er ferdig med ei oppgåve. Gjer noko nytt som du ser trengst i staden, eller spør kva du skal gjere. Det er alltid viktig å vise at du er framme i tøflane.