Halvparten har aktivt prøvd å unngå nyheiter det siste året – spesielt krig

Folk blir utmatta av sterke inntrykk frå Gaza-krigen, trur medieforskar.

NPK-NTB
Publisert

I Medieundersøkelsen, som blir lagt fram på Nordiske mediedager 1. mai, kjem det fram at 55 prosent av respondentane svarer at dei i løpet av det siste året aktivt har prøvd å unngå nyheiter og/eller eit tema i nyheitene, skriv Klassekampen.

Av dei som har svart at dei vik unna nyheiter, oppgir 57 prosent krigen i Gaza som eit tema dei aktivt vik unna. 45 prosent trekkjer fram krigen i Ukraina.

Kristin Skare Orgeret, som er professor i journalistikk ved Oslomet og forskar på rolla til media i krig og konflikt, meiner mediedekninga av Gaza-krigen har hatt eit «overveldande omfang».

– Slik sett er det forståeleg at mange har behov for å verne seg sjølv litt. Det er ikkje berre dei tradisjonelle nyheitsmedia som dekkjer det som skjer i Gaza, ikkje minst har det vorte publisert mykje i sosiale medium. Bileta der er mykje meir eksplisitte, seier ho.

Sidan 1. oktober 2023 og fram til 26. april i år har norske medium publisert 27.515 saker om Gaza, viser tal frå analysebyrået Retriever. Tilsvarande tal for same periode året før var 1325.